Hopp til innhold

Bustadbrann i Egersund

Det blei dramatisk for dei tre personane som måtte redda seg ut frå eit brennande bustadhuset i Midbrødveien i Egersund måndag morgon.

Brann Egersund

Tre personar kom seg ut frå dette huset som byrja å brenna i Egersund i natt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Like før klokka fem måndag morgon fekk brannvesenet melding om brann i ein bustad i Egersund. Personane som var i huset hadde kome seg ut då brannvesenet kom til staden.

– Ein vegg med røyk

Ingen av dei tre blei skadde i brannen som blei ferdig sløkt i dag tidleg. Huseigar Tom Willy Buhrman opplevde dramatikken slik:

– Då me forstod at det brann sjekka me først at leigebuaren var trygg, etter dette sprang eg opp på kontoret for å få med meg ein harddisk og papir. Då eg skulle ut att blei eg møtt av ein svart vegg med røyk, seier han.

Då han såg dette smelte han døra att og vurderte å hoppa ut vindauget:

– Men sidan eg ikkje kjende varme opna eg døra igjen og gjekk direkte gjennom røyken og bort til verandadøra som eg kom meg ut gjennom. På vegen bort såg eg ingenting, seier Buhrman.

Husrom hos nabo

Han og kona er glade for at det gjekk som det gjekk. Ein nabo har tatt dei inn til seg, og gjer dei husrom inntil vidare.

Det var i Midbrødveien i Egersund det byrja å brenna i underetasjen i eit bustadhuset.

– Det var svært sterk varme og huset fekk større materielle skadar, opplyser brannkonstabel i Egersund Erik Larsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.