Hopp til innhold

Alle kundane blei evakuerte frå kjøpesenter

Julehandlarane måtte alle forlata kjøpesenteret Amfi i Egersund på litlejulaftan. Grunnen var røykutvikling i eit sikringsskap i parkeringsanlegget.

Amfi brann

Alle som var for å handla julegåver på Amfi i Egersund måtte klokka 18.00 forlata senteret.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Alle kundane fekk beskjed om å forlata senteret og det var svært mange folk her som handla inn til jul, fortel NRK sin reporter Øystein Ellingsen som var på staden då det skjedde.

Han legg til at evakueringa gjekk strålande med hjelp av brannvakter som var godt trena.

– Me fekk melding om røykutvikling i eit sikringsskap i parkeringsanlegget, seier Bjørn Tendeland i Brannvesenet Sør-Rogaland.

Han opplyser om at årsaka er funnen, og at dramatikken nå er over på kjøpesenteret. Det hadde kome vatn inn i sikringsskapet, dette laga røyk, men det var ingen ild.

Omlag 20 minutt etter bygget blei evakuert fekk alle kundane som stod på parkeringsplassen beskjed om at dei kunne halda fram med julehandelen.

– Me fekk tømt senteret på 4 minutt noko me er svært nøgde med, men det blir jo ekstra stress når det skjer på litlejulaftan, seier senterleiar Jarl Tengesdal.

Amfi evakuering

Brannvesen og politi blei sendt ut til kjøpesenteret.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK