Hopp til innhold

Seks personar måtte evakuerast

Klokka halv seks onsdag morgon blei det meldt om brann i eit leilighetskompleks og ein garasje i Egersund. Brannvesenet rykka ut med full styrke.

Brann i Egersund

Huset i Sokndalsveien i Egersund består av fire leilegheiter.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg vakna i halv sekstida av skarpe og kraftige smell, eg blei litt skremt, og lurte nesten på om det var full krig i nabolaget, fortel nabo av brannen Tor Henning Pedersen til NRK.no.

Då han såg at det brann i nabohuset, skulle han til å ringa brannvesenet, men oppdaga at dei allereie var på staden.

Sjølv om han blei skremt, går tankane hans til først og fremst til naboane som fekk huset øydelagt i brann.

Brann Egersund

Det gjekk hardt ut over ein bil som stod parkert like utanfor bustaden.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Ingen personskadar

– Me har kontroll over flammane nå, opplyser vaktkommandør i Brannvesenet Sør-Rogaland, Andre Jocobsen, til NRK.no klokka 07.00.

Han kan også opplysa om at det ikkje er meldt om personskadar i samanheng med brannen.

Brannvesenet var i gang med ettersløkking og kontroll klokka 07.00.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.