Hopp til innhold

I sjokk etter Egersund-drapet

Det burmesiske miljøet i Egersund er i sjokk etter at ei 19 år gammal kvinne blei funnen drepen fredag.

Blomar Egersund-drap

Blomar lagt ned ved huset der den burmesiske familien budde.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det blei i dag lagt ned blomar ved huset der den døde burmesiske kvinna budde saman med sitt barn og mannen hennar, som nå er sikta for for forsettleg drap.

Les også: Mann siktet for drap på kone

Det burmesiske miljøet i Egersund bruker jamnleg den nedlagde frikyrkja i Egersund, og i føremiddag var det samling der for å arbeide med sorga.

- Me er i sjokk

Frikirka Egersund

Frikyrkja som blir brukt av det burmesiske miljøet i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Ekteparet var aktive i Egersund Chin Baptistmenighet. Baptistpastor i Stavanger, Magnar Mæland, har hjulpe det burmesiske miljøet i Egersund over fleire år.

- Me er i sjokk alle saman. Miljøet er ikkje større enn at alle kjenner alle. Dette er eit miljø som lever tett saman i glede og sorg, seier han til Stavanger Aftenblad.

Det var også Mæland som via paret for omlag eitt år sidan.

- Eg lever ikkje tett på dei til dagleg, men etter det eg kjenner til har ingenting tyda på at ein slik tragedie skulle skje.

Ukjent drapsårsak

Den sikta ektemannen (30) blei avhøyrd laurdag ettermiddag. Politiet kan førebels ikkje seia noko om drapsårsaka eller om det er funne noko drapsvåpen.

- Me gjer avhøyr av både sikta og vitne i saka, samstundes som me utfører teknisk og taktisk etterforsking, opplyser politiinspektør Olav Veggeberg til NRK.

Drapstidspunktet er laurdag ettermiddag ukjent.

Kvinne funnet drept Egersund

Kvinna blei funnen i dette huset like ved Egersund sentrum i 15-tida fredag ettermiddag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK