Hopp til innhold

Kong Vinter kom brått på bilistane

Haustens første snøfall på Sør-Vestlandet har skapt kaotiske tilstandar i trafikken i høglandet.

Riksveg 520 mellom Hellandsbygd i Sauda kommune og Røldal er blant vegstrekningane som fekk eit brått besøk av vinteren i dag.

Ein lokal brøytebilsjåfør melder om kraftig snøfall og tilnærma kaotiske tilstandar i trafikken. Hovudproblemet er bilar med sommardekk – som på ingen måte er skodde for vinterføret.

På fjellovergangen E134 Haukelifjell er det torsdag føremiddag vekslandet bart og snøslaps, med fare for glatte parti. Også her var det kraftige snøbyer i dag tidleg.

Brått besøk av Kong Vinter

Frå skianlegget i Røldal blir det meldt om kraftig snøvêr torsdag. Midt i skitrekket har det lagt seg mellom 10 og 15 centimeter nysnø.

– Vinteren kom brått på, men snøen er nok borte vekk i løpet av helga, seier Oddvar Bratteteig i Røldal skisenter.

Brøytemannskapa jobbar på spreng for å rydda vegane for snø i området, men Vegtrafikksentralen har ikkje fått meldingar om trafikkuhell som følgje av snøfallet.

(Artikkelen held fram under videoen).

Det hagla på Sandnes i dag.

VIDEO: Torsdag morgon falt det hagl over Sandnes. (Video: Otto Voldsund)

Haglbyer i Sandnes

Også i Sirdal og fjelltoppane i Suldal har det lagt seg eit kvitt vinterteppe i dag. I låglandet i Sandnes er ein skåna for septembersnø, men ikkje for haglbyer.

– Det hagla i om lag tre minutt, men det har vore fleire byger i løpet av dagen. Kulda ute gjer at det også har blitt liggjande i eit par timar. Dette er det første teiknet på vinteren, seier Otto Voldsund, som filma litt av haglet i dag.

Nå skal likevel det meste av haglet i Sandnes vera vekke.

Les meir om vêret på Yr.no

(Artikkelen held fram under bilete).

Snø på Kjetilstad

Slik såg det ut på Kjetilstad i Suldal torsdag morgon.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Sol og høgare temperaturar

Sjølv om det er venta betre vêr på dagtid er vinteren på veg, slår meteorologane fast.

– Det blir fleire byger utover dagen, men etter kvart vil det koma eit høgtrykk frå dei britiske øyane som vil gje oss ganske fint vêr dei nærmaste dagane, seier Statsmeteorolog Anna Reistad.

Ho lover meir sol og høgare temperaturar til helga.

– Men folk må vera obs på at det er fare for nattefrost, seier ho.

Dermed er det snart tid for pigg- og vinterdekk også i låglandet. Når det gjeld skisesongen tar det nok framleis ei tid før skianlegga opnar. I Røldal reknar ein med oppstart i slutten av november.

Flere nyheter fra Rogaland