Hopp til innhold

Mattilsynet vil gå nye vegar i kampen mot lakselus

– Forslaget er svært dramatisk for næringa og gå hardt ut over produksjon og arbeidsplassar, seier Arne Berge, rådgjevar i Næringsseksjonen i Rogaland Fylkeskommune.

Lakseslakteri

Det kan bli aktuelt å slakta ned all oppdrettslaks i Rogaland samstundes, for så å la alle anlegga liggja brakke i over ein månad kvart år.

Foto: Henning Bagger / NRK

Fleire oppdrettsanlegg slit med å få bukt med lakselus. Dette er grunnen til at Mattilsynet nå vil gå heilt nye vegar i kampen mot lusa.

– Halvering av produksjon

I eit nytt skriv føreslår Mattilsynet nå å brakkleggja heile Rogaland for oppdrettslaks i periodar på ein til to månadar kvart år.

– Dette blir ein heilt ny måte å produsera på, som du eigentleg kan kalla eit eksperiment, seier Berge. Han har nå kalla inn kommunar og bedrifter som blir råka av forslaget til eit møte der dei samla skal utforma eit svarbrev til Mattilsynet.

Nils Viga som er regionssjef i Marine Harvest seier at dette kan halvera produksjonen av laks i Rogaland:

– Det er klart at det får dramatiske konsekvensar om me skal vera heilt utan fisk i månadar om gongen, seier Viga.

Oppdrettslaks.

Frå 1993 til 2009 økte landets produksjon av oppdrettsfisk frå ca. 175 000 tonn i året til 960 000 tonn. Norge produserte oppdrettsfisk for ca. 26 milliardar kroner i 2009.

Foto: Terje Marøy / SCANPIX

– Nødvendig

Han meiner at forslaget verkar lite gjennomtenkt frå Mattilsynet si side.

– Dette går ikkje, det beste hadde nok vore å brakklagt heile Norge, men det går heller ikkje, seier han.

Men Mattilsynet ser på dette som eit heilt nødvendig tiltak.

– Me har dessverre ikkje kontroll på lakselusa nå, det er framleis anlegg der ein ikkje klarar å halda lusetalet nede på eit akseptabelt nivå. Dersom me ikkje gjer noko fryktar me like tilstandar som me ser lenger nord på kysten, seier Regionsdirektør Hallgeir Herikstad i Mattilsynet.

Og tiltaket er at alle anlegga skal stå heilt tomme for fisk i periodar, samtidig. Herikstad vil ikkje kommentera kritikken frå næringa før forslaget er ferdigbehandla.

– For at næringa i det heiletatt skal overleva må ein finna ein måte å handsama lakselusproblematikken på, seier Herikstad.