Hopp til innhold

Respiratorreglar

Stortingspolitikar Gunnar Kvassheim frå Venstre meiner helsestyresmaktene må innføre reglar for bruk av respirator på sjukehusa.

 

Gunnar Kvassheim
Foto: Knut Falch / Scanpix

Det er på bakgrunn av behandlinga den kolssjuke 65 år gamle Sølvi Fotland fekk på Stavanger Universitetssjukehus, at Kvassheim uttaler seg. 

Døtrene til Fotland meiner at legar ved SUS prøvde å overtala ho til å godta at respiratoren blei skrudd av.  Døtrene tvilar på om mora hadde overlevd. 

Etter 26 dagar i respirator vart Fotland skriven ut, og er nå tilbake i Egersund.

Spørsmål til helseministeren

- I dag er respiratorbehandling avhengig av det enkelte sjukehuset sin økonomi og den enkelte lege si meining, seier Kvassheim.

Han kjem til å retta eit spørsmål til helseminister Sylvia Brustad og be om at det blir innført statlege retningslinjer for korleis behandling i respirator skal foregå.

- Det må ikkje bli slik at økonomi på sjukehuset eller talet på respiratorar på det enkelte sjukehuset, skal avgjera kor lenge behandlinga skal foregå.  Det må alltid vera pasientane som skal stå i sentrum, seier Kvassheim.

LHL er enige

Også Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke, LHL, meiner respiratorbehandling ved sjukehusa er prega av tilfeldigheiter.