Hopp til innhold

Fugl i motoren

Ein fugl i motoren var grunnen til at flyet frå færøyske Atlantic Airways måtte naudlande på Sola i går kveld.

Atlantic Airlines, Avro-rj-100

Det vart iverksett full kriseberedskap på flyplassen etter at flyet melde om problem med den eine motoren. Flyet landa uten problem ved hjelp av dei tre andre motorane.

Det opplyser sikkerhetssjef i selskapet, Bjørn Simonsen.

Flyet var på veg frå København til Færøyane, då det måtte naudlanda på  Stavanger Lufthavn, Sola.

Gjennomgang i ettermiddag

I ettermiddag skal selskapet sin eigen motorekspert undersøke kvifor motoren fekk problem, men Simonsen seier selskapet allereie no kan konkludere med at årsaka var ein fugl som vart sugd inn i motoren.

Flyet er av typen Avro RJ 100

.