Hopp til innhold

Norsk eller ikkje – det er spørsmålet

Kva er lenge i eit barns liv? Kva skal til for å kunne kalle seg norsk? Det er viktige spørsmål når Høgsterett til veka skal behandle den såkalla asylbarnsaka frå Rjukan.

Ni år gamle Verona Delic er fødd og oppvaksen på Rjukan i Telemark. I mars i år blei familien henta av politiet, og uttransportert til i Bosnia. No skal Høgsterett behandle saka.

VIDEO: Er Verona norsk nok for staten Norge? Ni år gamle Verona Delic er fødd og oppvaksen på Rjukan i Telemark. I mars i år blei familien henta av politiet, og uttransportert til i Bosnia. No skal Høgsterett behandle saka.

Ni år gamle Verona Delic er fødd og oppvaksen på Rjukan i Telemark. I mars i år blei familien henta av politiet, og uttransportert via Trandum til i Bosnia.

– Åtte og eit halvt år er ekstremt lenge for eit barn, seier advokat Håkon Bodahl-Johansen om Verona.

Til veka skal saka saka hennes opp i Høgsterett . Både Verona og Madhi Shabasi, også han frå Rjukan, får vurdert om dei har ein sjølvstendig rett til opphald etter barnekonvensjonen.

Foreldra ulovleg i Noreg

Foreldra til Verona, Anna og Damir Delic, fekk endeleg avslag på sin søknad om opphald i Noreg i 2005, etter det har dei vore her ulovleg.

Utlendingsnemnda argumenterte ut frå innvandringspolitiske omsyn då dei avslo søknaden til foreldra.

Når det gjeld Verona, rekna ikkje UNE med åra etter 2005 då dei gjorde vedtak. I desse åra har familien, juridisk sett, vore ulovleg her i landet.

Stor støtte i lokalmiljøet

Støtteforeininga på Rjukan betaler både for opphald og husleige for familien Delic som no er busette i Sarajevo i Bosnia. For fyrste gong i livet har Verona sitt eige soverom, men det gjer ikkje opp for alt ho saknar.

Verona har dagleg kontakt med klassekameratane på Rjukan via Internett.

– Eg hadde så snille venner der. Eg saknar dei, seier Verona om vennene på Rjukan som ho framleis, etter åtte månader i Sarajevo, har dagleg kontakt med.

Til bursdagen i september fekk ho mange helsingar og gåver frå vennene på Rjukan.

Verona og Aurora Delic

Verona saknar vennene på Rjukan, men kosar seg her med Aurora.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Verona seier ho saknar vennene, skulen, menneskja og heile Rjukan. Og Rjukanbadet. Ofte etter skulen kom venner bort og ville ha henne med i Rjukanbadet, eller ha henne med til å liggje over hjå dei.

– Eg saknar dei seier niåringen med tårer i augo.

Ny skule

Verona går no på ein katolsk skule i Sarajevo. Skulespråket er kroatisk, eit framandt språk for henne.

– Dei synest eg er rar her, seier Verona.

Ho samanliknar skulen på Rjukan med skulen i Sarajevo.

– Her har me karakterar, og så er me ikkje ute i friminutta, seier Verona.

I tillegg synest ho lærarane er strenge, og det er vanskeleg å henge med i skuledagen.

Stor arbeidsløyse

Framleis er det mange spor i Sarajevo etter krigen i Bosnia mellom 1992 og 1995. Det er fredeleg i landet, sjølv om arbeidsløysa er stor.

For Damir, som har vore borte så mange år, er det vanskeleg å finne arbeid. Han står bak mange andre i køen.

Video 17. mai med familien Delic

Kor norsk er Verona Delic? Ho er fødd og oppvaksen på Rjukan i Telemark, men blei uttransportert til Bosnia i mars.

Foto: Nyhetsspiller

Håpet lever

Postkassa er enno ikkje tatt ned på Rjukan. Både støttegruppa og vennene håpar at Verona og familien kjem attende til Noreg og Telemark.

Det er fyrste gonga at barnekonvensjonen og vedtak gjort av UNE blir sett opp mot kvarandre på denne måten.

Skulle asylbarna frå Rjukan få medhald, kan det koma til å bety mykje for mange av dei nesten fem hundre barna som ventar i mottak rundt om i landet.

– Som politikarar skal vi vere veldig forsiktige med å meine noe om saker som går føre seg i retten, men viss dommen går imot norsk praksis på området, retter vi oss etter det. Det gjør vi også med dommar i menneskerettsdomstolen, seier Lise Christoffersen frå Arbeidarpartiet.

Voldsom interesse

Det er plenum i Høgsterett som skal dømme i saka, det vil sei eit fulltalig dommarkollegium.

Aldri før har så mange høgsterettsdommarar samla seg for å ta avgjerd i ei enkelt sak.

Det er venta stor pressedekking, og kanskje vil avgjera i Høgsterett tvinge fram ein heilt annan praksis i framtida når det gjeld asylbarn.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark