Det blei feira med ein stor konsert på Rockefeller i Oslo. Kåre Virud blir rekna som ein del av grunnfjellet i norskspråkleg rock og blues.
– Korleis har desse åra vore?
– Oj. Det har vore ein lang tur. Og eg har fått vere med på ei spennande utvikling, for det har skjedd ganske mykje frå eg starta å spele og fram til nå.
Les også:
Virud peikar på at musikken har forandra seg. Og ikkje minst er apparatet rundt musikarane blitt meir profesjonelt.
– Det gjer det enklare å jobbe, seier Virud.
Enklare å skaffe seg mat
Han fortel at i gamle dagar så kunne musikarane har kjørt i mange timar, og kome til ein stad der det ikkje ein gong var ein pølsekiosk som var open.
– Vi fekk ikkje tak i noko å spise. Men nå er slike ting lagt meir til rette.
– Er det noko du vil trekke fram som eit høgdepunkt i karrieren?
– Det har faktisk vore ein del lyspunikter. Og det er jo det som gjer det mogleg å halde fram. Eg har ikkje tenkt å gje meg, men har ikkje dei store framtidsplanane nå, seier Virud.
Men legg til at i grunnen ikkje har hatt så mange planar, for det har vore meir tilfeldig kva som har skjedd opp gjennom karrieren.
Les også:
Måtte skifte namn på plata
– Debutalbumet ditt blei gitt ut i 1974. Men skulleeigentleg ikkje hatt det namnet den fekk?
– Plata skulle eigentleg fått namnet "Olav Thons kafe" etter ein av låtane, men plateselskapet RCA var redd nokon skulle bli fornærma, så eg blei overtala til å skifte til "Barbeinte engel", seier Virud.
Han fortel at den gongen var det ein del brune kafear i Oslo med sitt særpreg, og mange av dei var eigd av Olav Thon.
– Denne tida var starten på at kjedene tok over, og då mista slike stader særpreget sitt. Og det synes eg ikkje er ålreit.
Les også: