– Ål vidaregåande skole må vere ein av dei beste i landet. Kor nesten elevar hoppar av under skulegangen. Spesielt når ein tenker på at dette er ein rein yrkesfagskule, kor ein veit at liknande skular rundt omkring i Noreg opplever stort fråfall, seier fylkesskulesjef Jan Helge Atterås.
I fjor slutta berre tre av 250, eller 1,33 prosent av elevane i løpet av skuleåret. I Buskerud sluttar ein av fire eller 25 prosent av elevmassen i løpet av den vidaregåande skulegangen.
Ingen fasit
Rektor Oddvar Skråmestø ved Ål vidaregåande skole er særs stolt over resultatet.
– Vi hadde eit ekstremt godt resultat når det gjeld kor mange som fullførte skuleåret i fjor. Eg er ikkje overraska, men veldig glad og stolt over de jobben personale gjer.
– Kva er oppskrifta?
– I snart ti år har vi hatt ein medviten filosofi om at det må vere eit godt forhold mellom lærar og elev, og det ansvaret må kvile tyngst på lærarar og tilsette i skulen.
– Det er viktig for alle at elevane fullfører skulen. Vi fortel at dette handlar om å få eit godt liv. Og alle elevar er særs velkomne hos oss, seier Skråmestø.
Rektoren seier at dei og har opplegg utanfor skulen for elevar som har nytte av det.
– Nokre elevar har behov for spesiell tilrettelegging, men alle får kjenne at dei er elevar som alle andre.
Vil ikkje slutte
Og elevane på Ål vidaregåande skole ser ut til å vera nøgd med skulekvardagen. Silje Juven Modalen frå Geilo snakkar med andre ute på skuleplassen.
– Det er veldig bra lærarar her og det fungerer godt sosialt. Vi har god kontakt med andre klasser og det er veldig sosialt i kantina, seier Modalen.
Thea Løken frå Hemsedal har flytta til Ål og bur på hybel. Den kommande vernepleiaren kan ikkje tenke seg å hoppe av undervegs i skulegangen.
– Eg har ikkje tenkt å slutte, det er viktig å fullføre.
– Kva gjer at du trivst?
– Eg har så mange gode vennar her og dei har veldig mange bra lærar, smiler ho.