Hopp til innhold

– Barn bør vere åleine heime i ferien

Pedagogikkforskar Christian Beck meiner sommar-SFO og aktivitetsleirar gjer ungane usjølvstendige.

Maya og Knutur på SFO

POSITIVE: Ni år gamle Knutur Karl Vidirson og Maya Olivia Johansen synest det er greitt å vere på SFO.

Foto: Mari Langva / NRK

– No må alle vente littegrann her!

Ein liten gjeng ungar trippar på brusteinsgatene på Bakklandet i Trondheim. Dei vaksne prøvar å halde orden i rekkene, medan praten går lystig blant skuleelevane.

Det er eigentleg sommarferie, men skulefritidsordninga held opent. Dermed kan ungane frå Lade og Bispehaugen skole vere på tur i Trondheim sentrum, når foreldra deira ikkje har fri. Men ikkje alle meiner at det er her dei burde vere.

– Overorganisert

Christian Beck

SKEPTISK: Førsteamanuensis Christian Watkin Beck meiner kvardagen til ungane er for organisert.

Foto: Universitetet i Oslo

– La ungane vere heime åleine med nøklane rundt halsen! Det er den klare beskjeden frå Christian Watkin Beck, førsteamanuensis ved Pedagogisk forskningsinstitutt (UiO).

Han meiner kvardagslivet er blitt fråverande i norske familiar. At vi organiserer livet til ungane i for stor grad, og ikkje let dei bestemme over si eiga fritid.

– Dagens barn lev i ei institusjonalisert, pedagogisk verd som er som ei maskin. Det blir for mykje. Barn treng rom i livet der dei kan utvikle sjølvstende, seier Beck ivrig.

Dette er noko han brenn for. Han mimrar tilbake til sin eigen barndom på 50-talet, med fri leik og foreldre som var tilgjengelege, men som ikkje la opp fritida hans. Han meiner dagens ungar er blitt institusjonaliserte.

– Om 8-9-åringar er nokre timar åleine heime så er det heilt topp! Barn treng å leve eit liv der dei sjølv avgjer kva som er rett og galt, og sant og usant.

Sommar-SFO på tur i Trondheim

UT PÅ TUR: Ungar frå Lade skole og Bispehaugen skole er på tur i Trondheim sentrum.

Foto: Mari Langva / NRK

Rammer inn leiken

– Det er ganske gøy å vere på SFO. Då slepp ein å vere heime og kjede seg. Vi går på byturar, og leikar i vannspredaren når det er fint vêr, fortel Maya Olivia Johansen (9).

Dei små sekkane hoppar opp og ned når elevane ruslar frå Bakklandet til Nidarosdomen i samla flokk. I dag er ikkje vêret så verst, men det er ikkje alltid det er så populært å vere ute.

– Eg tenkjer nokre gonger at eg heller ville vore heime, når vi må vere ute i kaldt regnvêr. Då ville eg heller vore heime og sett på TV, seier Maya Olivia. Eit par briller nikkar ivrig ved sidan av:

– Heime kan eg gjere veldig mange ting, eg kan bestemme sjølv, seier Knutur Karl Vidirson (9).

Iren Steinsvik

UEINIG: SFO-leiar Iren Steinsvik ved Lade skole trur det er mest positivt for ungar å vere på sommar-SFO.

Foto: Lade skole

Det får dei på SFO også, meiner leiaren deira. Iren Steinsvik er ikkje einig i at ho overorganiserer noko som helst.

– Kven er det som organiserer for dei? Vi vaksne legg rammene, men barna bestemmer sjølv kva dei vil drive med. Barns medverknad er ein av grunnpilarane i SFO, seier Steinsvik.

Ho fortel at borna ofte får velje mellom å til dømes leike ute, gå i gymsalen eller drive med forming. Det er alltid vaksne til stades.

– Enkelte av ungane vel å komme på SFO sjølv om foreldra har fri, fordi dei synest det er kjekt. Det er ikkje alltid det er nokon å leike med i gata heime, seier SFO-leiaren.

Meiner toppen er nådd

Samtidig meiner Christian Beck at ungane treng sommarmånadane til å ha skikkeleg, uorganisert ferie. Han ser med uro på at barna er mange timar i aktivitetstilbod kvar dag.

– Det er ei skummel utvikling. Vi er inne i ein epoke no der vi ser at dette har nådd sitt toppunkt. Ungane får veldig mykje opplæring og kompetanseheving, men det er gått ut over noko anna, seier Beck.

Han trur ikkje ungane vil kjede seg om dei er meir heime åleine, men meiner dei treng litt tid til å venne seg til den auka fridomen. Til foreldra har han ei tydeleg oppfordring:

– Kul det ned! Om ungane er nokre timar heime åleine med nøklane rundt halsen så er det heilt topp. Foreldre bør sjå seg sjølv i speilet og seie "eg skal ikkje vere bekymra", sjølv om dei er pepra fulle av media om at alt er farleg.

Også Iren Steinsvik trur mange av ungane er modne nok til å vere åleine heime. Likevel meiner ho barna har god nytte av å vere på sommar-SFO.

– Det å vere i eit sosialt felleskap er lærerikt. Dei må vente på tur, løyse konflikter, bli venner og ta vare på kvarandre. Dei får sosial kompetanse og bygger sjølvtillit. Eg brenn for det at barna sjølv skal få bestemme over fritida si. Vi gir tilbodet, men dei får velge sjølv, seier Steinsvik.