Hopp til innhold

Ingen tek ansvar for Brasil-bevis

Ingen norske styresmakter vil ta ansvar for at dokumenta i saka til nordmannen Arvid Birkeland hamnar hos rette vedkomande i Brasil.

Arvid Birkeland
Foto: TERJE SVAAN / Adresseavisen

Trondheimsmannen er tiltalt for kvitvasking av penger i samband med "Operasjon Paradis" i feriebyen Natal.

Økokrim har laga ein ny rapport som viser at pengane Birkeland investerte i Natal, var tent og skatta av i Noreg. Men han risikerer å bli dømt til mange års fengsel dersom dei nye bevisa ikkje blir tatt inn i saka mot ham.

- Kan reinvaske seg

Historia om Arvid Birkeland kan vere historia om svært dyktige svindlarar, men eit endå lurare politi sidan nokre av nordmennene alt er dømde for kvitvasking og skattesvindel.

Men for Arvid Birkeland dreier det seg no berre om å få dei dokumenta som han meiner kan reinvaske han frå skuldingane om at han opparbeidde seg ein svart formue i Brasil.

NRK Trøndelag har ved fleire høve freista å få svar på kva instans i Noreg som har ansvaret for å sjekke at dokumenta kjem fram til rette vedkomande, nemleg domstolen i Natal der saka til Birkeland skal førast.

Då Birkeland vart arrestert 9.mai i 2007 i Natal hadde han budd i Brasil sidan tidleg på 2000-talet. I Trondheim var han på åtti-og nittitallet mellom anna engasjert i fleire restaurantselskap. Pengane han hadde lagt seg opp i Noreg tok han med seg til Brasil.

To pengerapportar

Økokrim har laga to økonomiske rapportar om Birkeland.

Den første kom til Brasil i slutten av april 2007, før arrestasjonen. Den viste at Birkeland ikkje hadde formue eller inntekt av betydning i Noreg. Sidan Birkeland hadde investert i fleire leilegheiter og selskap i Natal, meinte brasiliansk politi at desse pengane måtte vere tente gjennom kriminell aktivitet.

Birkeland påviste fleire feil og manglar i rapporten. Økokrim baserte seg mellom anna på likningstal tilbake til 2002, mens han tente det meste av formuen sin før 2000. Pengane var også førte ut av Noreg på lovleg vis, viste dokument frå Nordea og Norges bank.

På bakgrunn av dette laga Økokrim ein ny økonomisk rapport som Birkeland meiner er ei reinvasking av skuldingane mot han. Den vart første gong sendt frå Noreg til Brasil i oktober 2007. To inspektørar frå Økokrim reiste også til Brasil og vitna om innhaldet i rapporten i rettsavhøyr og overleverte eit eksemplar av rapporten.

Sendt to gonger

Det er denne nye rapporten med vedlegg som Arvid Birkeland og den brasilianske advokaten hans ikkje har sett noko til, sjølv om den vart sendt for andre gong frå Noreg til Brasil i mars 2009, etter at NRK Trøndelag tok opp saka.

Så seint som 21.april i år skriv Økokrim i e-post til Arvid Birkeland:

" Vi har også bedt om at den norske ambassade i Brasilia følger opp vår henvendelse, slik at vi får endelig bekreftelse på at dokumentene blir mottatt ved rette domstol."


Ved ambassaden i Brasilia opplyser dei at dokumenta vart sendt vidare til brasiliansk UD, slik saksgangen er og at dei ikkje har noko meir å gjere med saka. Og Økokrim viser til Justisdepartementet.

Der vil dei ikkje kommentere enkeltsaker, som dei uttrykkjer det. Men det er klart at Noreg ikkje kan blande seg inn i korleis eit anna land behandlar dokument som Noreg sender i til dømes ein rettsprosess.

Det kan heller ikkje den brasilianske advokaten til Arvid Birkeland gjere. Han er prisgitt at påtalemakta i Brasil gir han og domaren alle dokumenta. For Noreg har ikkje noka liste over kva dokument dei sender i frå seg, får NRK opplyst frå Justidepartementet i e-post:

” Når norske myndigheter etterkommer rettsanmodninger og Justisdepartementet bistår med oversendelse av de etterspurte dokumentene til utenlandske myndigheter, beholder vi ingen kopier av dokumentene som videreformidles. Vi har derfor ingen vedlegg å eventuelt gi deg en liste over. ”

Vågar ikkje reise heim

9.mai var det to år sidan Arvid Birkeland vart arrestert. Han sat seks veker i varetekt, seinare i husarrest. Etterkvart fekk han tilbake det norske passet sitt, men vågar ikkje reise til Noreg for å freiste å ordne opp. Det kan bli sett på som eit fluktforsøk så lenge han er førebels tiltalt.

Økokrim har vedgått at opplysningane om den økonomiske situasjonen til mellom anna Birkeland, og som sende han i fengsel, var mangelfull. Dei meiner at dei har retta det opp ved å sende nye dokument.

Historia om Arvid Birkeland kan også vere historia om overivrig politi- både i Brasil og Noreg, som såg svarte pengar og kvite løgner bak kvar einaste nordmann som gjorde og gjer forretningar i Natal.