Hopp til innhold

Til sjukehus etter krangel

Ein 32 år gamal mann frå Innherred blei sendt til sjukehus etter at han blei slått i ansiktet i natt.

Mannen, hamna saman med to andre personar knytt til MC-klubben Outlaws, i eit slagsmål på ein utestad i Levanger natt til 1. påskedag.

– Vi fekk først beskjed om at tre personar hadde gått laus på dørvakta på utestaden Banken, seier operasjonsleiar Ola Hofstad ved Nord-Trøndelag politidistrikt til Trønder-Avisas nettside.

Bråket spreidde seg vidare ut på Torvet som ligg like ved utestaden.

Ein person hamna på sjukehuset, mens dei to andre stakk frå staden og politiet vil vurdere å melde dei over helga.

Det blei tidlegare søndag meldt at også medlemar av motorsykkelklubben Tower MC var involvert i slagsmålet. Dette stemmer ikkje lenger ifølge politiet.