Hopp til innhold

Jerv på langtur

Ein jerv, som har slått seg ned i Bymarka i Trondheim, har truleg vandra heile vegen frå Rendalen i Hedmark.  

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

Det undrar både forskarar og forvalting av jerven truleg har vandra frå Rendalen i Hedmark, over fylkesgrensa, og etablert seg i Bymarka i Trondheim.

For nokre år sidan blei ungane til ei jervtispe tatt livet av under eit hiuttak. Det blei gjort DNA-prøvar, og desse viser no at hojerven har gått heile vegen til Bymarka i Trondheim.

- Det viste seg at DNA-prøvar vi gjorde av jerven i Bymarka, stemte overeins med prøvar tatt av ein jerv i Spekdalen i 2001, seier Øystein Flaggstad, som er forsker ved NINA, til NRK Trøndelag.  

Mistenkt som sauedrepar

Øystein Flaggstad er forskar ved NINA, og han forklarer at dei sit på DNA-profilar til ein stor del av jervestamma i Sør-Noreg.  

Jervetispa har oppført seg svært spesielt sidan forvaltninga tok ungane. I 2001 var den mistenkt for å vere ein sauedrepar i Rendalsområdet, no lever den eit fredeleg liv i Bymark.

- Ein av grunnane til at tipsa reiste frå Rendalen, kan vere at ungane blei tatt frå henne. Eg har ikkje sett dette individet i Spekdalen i åra etter, seier Flaggstad.

Alternativ til radiomerking

Å ta prøvar av avføringa til jervestamma i Sør-Noreg, er eit godt alternativ til radiomerking. Det viser denne spesielle historia.

NINA-forskaren fortel at DNA-prøvane som blei tatt her godt kunne vore brukt i ei rettssak.