Hopp til innhold

Ny arbeidaravis i Trondheim

LO i Trondheim er lei monopolet til Adresseavisen, og skal no utfordre med ei arbeidaravis.

Charles Utvik

Charle Utvik blir avisredaktør i den nye Arbeideravisen i Trondheim. - I første omgang blir vi eit blaff i skjørtekanten på Adresseavisen, men vi vil utfordre dei på sikt seier Utvik til Brønnøysunds Avis.

Foto: Matti Riesto

Vekeavisa skal heite Arbeideravisa og kome ut i løpet av hausten. Den vil få eit opplag på 7000 eksemplar.

Avisa skal fokusere på lokalstoff og kommentarar. Redaktør blir Charles Utvik som har jobba i Brønnøysunds Avis, som nyheitsleiar og vaktsjef.

Arbeideravisen har eksistert før i Trondheim. Den gjekk inn i 1995, men 1. september i år skal Utvik med fleire blåse liv i avisa igjen.

- Uheldig med monopol

 Leiar av LO i Trondheim Arne Byrkjeflot vil ha slutt på monopolet til Adressavisen i Trondheim:

- Eg trur dei aller fleste er einige i at  ein by med Trondheim sin størrelse, er det uheldig med pressemonopol med berre ei avis.

Arbeideravisen skal i følge LO  sjølv ikkje bli eit blad for dei spesielt interesserte, men ei avis som skal treffe alle. Den skal ha eit grunnlag i solidariske verdiar.

- Vi skal bli ei motvekt til Adressavisen og sleppe til alle, seier Byrkjeflot.

 - Adressa sviktar

Komande redaktør Charles Utvik seier Arbeideravisen skal sette dagsorden med tema Adresseavisen ikkje føler ansvar for:

- Det er behov for eit breiare spekter i debattane. Det er også mulig for ei ny avis å sette dagsorden med nye moment, noko Adressavisen ikkje nødvendig vis føler ansvar for.