Hopp til innhold

Til cupfinale for tredje år på rad

Førde tok seg i kveld komfortabelt vidare til finale i norgesmeisterskapen i volleyball. Med 3-0 i sett over Koll er dei klare for sine tredje finale på rad.

Lars Fredrik Tvinde

STOR STEMNING: Ein strålande nøgd Lars Fredrik Tvinde etter at cupfinalebillett er sikra.

Foto: Alf Vidar Snæland

I laurdagens semifinale mot Koll var det liten tvil om kven som skulle ta seg til finalen i norgesmeisterskapen i volleyball.

Førde vann 3-0 i sett, med siffera 25-15, 25-20 og 25-20.

Og for tredje året på rad er Førde klare for finale.

- Det er like herleg kvar gang, gliser Førde-trenar Frank Kalstad rett etter kampslutt.

God kontroll

Første sett i Førdehuset opna jevnt, og Koll heldt bra følge med Førde. Men på 11-9 bestemte heimelaget seg, og då var det takk og farvel til Oslo-laget. Førde tok første sett med 25 - 15.

I andre sett tok Koll føringa i starten, og speakar uttalte halvveges at kampen ikkje var nokon festforestilling.

Men etter kvart våkna kanonane hjå førdianarane, og Mathias Loftesnes smasha inn 25 - 20 og 2-0 i sett.

I det tredje settet viste Førde ingen nåde, og finaleplass var eit faktum med siffera 25-20.

Marcin Lubiejwskij var mest verdifull for Førde og sanka 14 poeng. Førde henta 22 poeng på motstandarfeil, medan Koll tok 24 poeng.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde VBK og trenar Frank Kalstad

NØGD: Førdetrenar Frank Kalstad gir laget sitt instruksjonar under semifinalen mot Koll.

Foto: Alf Vidar Snæland

Heva seg frå forrige helg

- Vi klarte å reise oss frå forrige kamp, seier Kalstad og siktar til tapet mot NTNUI førre helg.

- I dag er det kontroll, god stemning i laget og vilje til å vinna, seier trenaren.

Lars Fredrik Tvinde gjorde ein god kamp for Førde og gler seg til cupfinalehelg.

- Veldig kjekt å komme til finalen. Fint arrangement og mykje folk, så det er alltid kjekt å spele den, seier han og veit godt kva han pratar om.

I januar vil han delta i sin tredje cupfinale på rad.

Han er ikkje enig med speakers analyse av semifinalen.

- Eg tykkjer vi speler god volleyball i kveld, og kjører over Koll til tider, oppsummerar han.

Anten Nyborg eller NTNUI

I finalen ventar anten Nyborg eller NTNUI. Dei møtes til dyst i Bergen i morgon ettermiddag.

Blir det førstnemnde som går sigrande ut av duellen, vil det bety Førde - Nyborg i cupfinale for tredje gong på tre år.