Hopp til innhold

Slik ladar dei opp til sesongstart

Dei er begge berre 16 år, men veit kva dei vil satse på. Sarah Haugen og Gunnhild Vangsnes kastar seg denne veka utfor dei kvitdekte fjella i Hintertux, Austerrike.

Sognejentene Sarah Haugen og Gunnhild Vangsnes satsar for fullt på telemarkskøyring. I haustferien er dei i austerriske Hintertux saman med 60 andre telemarkskøyrarar. - Kjempekjekt, strålar dei to jentene.

SATSAR: Sarah Haugen og Gunnhild Vangsnes satsar begge for fullt på telemark. Denne veka er dei i austerrikske Hintertux for å trene. FOTO: Morten Nordli/Skiforbundet

– Det er kjempemoro, seier dei to nesten i munnen på kvarandre.

Sarah Haugen frå Luster og Gunnhild Vangsnes frå Leikanger har begge vist seg å ha eit stort talent for telemarkkøyring. 16-åringane satsar for fullt på sporten og brukar tid på telemark både på skulen og på fritida.

– Det som er så kjekt med telemark er at du kan trene så variert, seier Gunnhild Vangsnes.

Dei to jentene er i strålande humør når dei får gjere det dei likar best. Til dagen går dei på linja Toppidrett Telemark som er ei ny linje ved Sogndal vidaregåande skule.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sarah Haugen og Gunnhild Vangsnes

KOSAR SEG: Sarah Haugen (t.v.) og Gunnhild Vangsnes satsar begge på telemark.

Foto: Morten Nordli/Skiforbundet

Klare for ein hektisk sesong

Denne veka er det haustferie, men for Haugen og Vangsnes er det ikkje snakk om å ligge på latsida. Saman med 60 andre telemarkskøyrarar er dei på samling med Norges Skiforbund i Hintertux i Austerrike.

– Det er kjempebra, eg kosar meg, seier Sarah Haugen og får støtte frå venninna.

– Vi ser veldig fram til sesongen startar, seier Gunnhild Vangsnes.

Dei to jentene går inn i ein hektisk sesong der dei satsar på å få med seg det meste av konkurransar.

– Vi satsar på å delta på både Norgescup, og NM i både fjell- og bakketelemark, seier Vangnes.

Det er fleire unge og lovande utøvarar frå fylket som er i Austerrike for å lade opp til den komande skisesongen. Medan fleire alpinistar trenar i Hintertux, er seks langrennsløparar i Ramsau for å prikke inn forma.