Hopp til innhold

«Held eg meg på føttna no, då kan dette gå bra»

Etter at 75 skiløparar staka seg i gang under Hagløfs Kinesisk utfor på Fjellsportfestivalen i Sogndal, var det ein lokal skiløpar som nokre minutt seinare kunne heva stavane over hovudet i jubel.

– Det var utruleg artigt frå fyrste stavtak, seier Kåre Kristian Aaberge frå Sogndal. Han kunne feira med sjampanje etter å ha våre suveren ned dei stupbratte henga i Sogndalsdalen.

– Rasa forbi han

Kinesisk utfor er kort og enkelt fyrstemann ned frå fjellet.

– Eg kom litt dårleg ut i starten, og låg i ei klyngje med ti mann rundt meg, men klarte å halda ei fin linje ned fyrste det henget. Eg fekk god fart ut derifrå, og då var det berre Henrik (Langeland, red. anm.) som var litt framfor meg, sa sigerherren rett etter målgang.

Det var knytt stor spenning til kven som skulle ta den prestisjefylte sigeren i utroren, og mange håpa på ein lokal sigerherre.

– Det var nok det siste henget som avgjorde, då fekk eg god fart og rasa forbi han. Då tenkte eg at held eg meg på føttna no, då kan dette gå bra, seier Aaberge.

Han heldt seg på føttna, og kunne sigla åleine over målstreken.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fjellsportfestivalen: Kinesisk utfor

Tungt

Aaberge har dei siste åra budd i Trondheim, og då har det vorte meir langrenn enn nedoverski for Sogndølen. I tillegg har han slite med skadar.

– Korleis var det å vera åleine over målstreken?

– Kva skal eg sei? Eg var sliten etter å ha køyrt hockey nedover, ein rekk ikkje teinke so mykje der og då, men no er eg i alle fall veldig nøgd. I kveld blir det feiring, seier ein glad Aaberge.

Mini-Kina

I juniorklassen (12-16 år), som starta ein halv time tidlegare, vart det ein like suveren siger som hjå dei eldre. Her sigla Sander Ness inn til fyrsteplass.

– Eg bestemte meg berre for å køyra rett ned, og det gjekk jo bra. So dette var moro, seier ein nøgd sigerherre.

Men den som kanskje imponerte mest var løparen som kom inn på tredjeplass. Med telemarkbindingar i eit felt dominert av slalomkøyrarar sigla 15-åringen Sarah Haugen inn som nummer tre.

– Det var moro å køyra. Eg skulle ønskja at eg kunne vera med i seniorklassen, men sidan eg ikkje er 16 år endå so fekk eg ikkje lov til det, sa Haugen.

– Eg hadde jo veldig lyst å vinna, men det gjekk ikkje i dag. Eg hadde kanskje litt dårleg glid, gliser 15-åringen og ser lurt bort på smørjaren sin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vill jubel over mållinja

STAVANE OVER HOVUDET: Slik ser ein sigerherre i kinesisk utfor ut.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mogleg ryggskade

– Det har gått bra, nokre småskadar, men ingenting alvorleg førebels trur eg, sa rennleiar Gaute Sivertsen like etter at dei fleste var komme i mål.

Men to snøscooterar med ambulansemannskap og Raude korsmannskap vart sendt opp i løypa.

– Me kan bekrefta at det er snakk om ein person som er skada, men me kan ikkje seia noko meir enn det no, sa ein av Raude kors sine folk i bakken.

Etter det NRK kjenner til skal det vera snakk om ei mogleg ryggskade. Ting tyder på at det ikkje skal vera alvorleg, men fordi det er ryggen det er snakk om tek hjelpemannskapa ingen sjansar.

Raude kors i Hodlekve før dei skulle opp i bakken

PÅ VEG OPP: Raude kors på veg opp til den antatt skada personen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK