Hopp til innhold

Det kan vere lurt med vinterdekk

Skal du over fjellovergangane er det no på høg tid å gjere seg nokre tankar om kva dekk ein skal ha på bilen. Der kan du nemleg møte på snø.

Vêr og førehold på fylkesveg 53 Tyinosen søndag

BART: Slik såg det ut på fylkesveg 53 Årdal-Tyin rundt klokka 13 søndag ettermiddag. Biletet er teke ved Tyinosen.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Søndag er både fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet og fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsvegen stengde på grunn av vanskelege køyreforhold.

På dei andre fjellovergangane er det ikkje meldt om problem, men folk bør vere obs på at det kan vere snø her. På fylkesveg 53 Tyin-Årdal var det for eksempel snøslaps tidleg søndag morgon, men ut på dagen har det blitt for det meste bart også her.

Slepp truleg unna snø på dagtid

Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen seier at det søndag ettermiddag er snødekke på fylkesveg 55 over Sognefjellet, men at det skal vere for det meste bart på dei andre fjellovergangane.

Men både på Strynefjellet, Hemsedalsfjellet, Tyin-Årdal og Hol- Aurland kan du møte på snø no. Meteorologane melder søndag om snø i fjellet over 1000–1200 meter, men på måndag og tysdag kan ein få snø heilt ned i 600 meters høgde.

Det er spesielt på kveld, natt og morgon at snøen vil kunne legge seg i vegen. Dersom folk skal over fjellet på dagtid vil dei mest truleg sleppe unna snøen.

– På dagtid så er det nok sjeldan at det vil ligge snø, men vi har ikkje kontroll på byene, så folk bør vere merksame, seier Molvær ved Vegtrafikksentralen.

Statens vegvesen melder søndag ettermiddag at vegen over Sognefjellet kjem til å bli nattestengd. Vegen stengjer klokka 20.00 søndag kveld og opnar først klokka 08. måndag morgon.

Vegtrafikksentralen har søndag også fått fleire spørsmål om fylkesveg 60 Olden-Innvik. Molvær opplyser at det her er fri ferdsel i dag søndag.

I tillegg åtvarar han om til dels sterk vind ved ferjekaia på Anda i Gloppen. Her skal mellom anna eit skilt ha blåst over ende, og Molvær ber folk vere litt forsiktige her.

Sognefjellet søndag 7. oktober

SNØDEKKE: På fylkesveg 55 over Sognefjellet er det søndag ettermiddag snødekke. Biletet er teke ved Sognefjellshytta som ligg 1400 meter over havet.

Foto: Sognefjellshytta/Webkamera