Hopp til innhold

Forlenga varetekt etter ransforsøk

Mannen som er sikta for ransforsøk i Bygstad må sitte i varetektsfengsel ei stund til.

Bygstad

SPERRING ETTER RANSFORSØK: Spar Bygstad fredag 14. september.

Foto: Johan Moen

Det var i 18-tida fredag 14. september ein mann i 60-åra gjekk inn på Spar-butikken i Bygstad med eit tøystykke over hovudet, væpna med ei hagle og leverte frå seg ein lapp som informerte om at han ville ha pengar.

Men ransforsøket var langt frå vellukka, og etter kort tid vart han overmanna av butikkeigaren og fråteken hagla.

Måndagen etter avgjorde Fjordane tingrett at mannen skulle varetektsfengslast i inntil fire veker, altså til 15. oktober. Den kjennelesn vart anka av den sikta, og Gulating lagmannsrett avgjorde at fengslinga berre skulle vare til 5. oktober.

No har tingretten forlenga varetektsfengslinga «inntil noe annet bestemmes av påtalemyndigheten eller retten, men ikke ut over fredag 2. november.»

Tingretten fann at det er grunngjeve godt nok at mannen må sitte i varetekt ei stund til. Saka mot mannen er førehandsberamma til 14. og 15. november.

– Heilt feil!

Forsvararen til mannen, Stig Nybø, er oppgitt over at tingretten valde å forlenge varetektsfengslinga.

– Eg meiner denne kjennelsen er heilt feil, spesielt sidan Gulating lagmannsrett korta ned den opphavelege varetektsfengslinga med ti dagar. Eg har rådd klienten min til å anke.