Hopp til innhold

Vurderer valdsbruk mot ranar

Politiet vil vurdere om ransmannen i Bygstad før helga vart utsett for unødig brutal handsaming.

Bistandsadvokat Ivar Blikra og aktor Anette Stegegjerdet Norberg

VURDERER: Aktor Anette Stegegjerdet Norberg (t.h.) seier dei vil vurdere valdsbruken den varetektsfengsla 66-åringen vart utsett for etter ransforsøket i Bygstad fredag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein mann i 60-åra vart måndag varetektsfengsla i fire veker etter at Spar-butikken vart forsøkt rana fredag.

I dag skriv Firda at mannen vart slått fleire gonger med si eiga hagle. Til slutt slo butikkeigar Olav Birkeland så hardt at våpenet gjekk i fleire bitar.

– Politiet har gjort avhøyr på staden der det kjem fram at ein kan ha vore noko hardhendt med ranaren. Politiet vil måtte vurdere om den hardhendte handsaminga er i samsvar med kor alvorleg saka er, stadfestar aktor Anette Stegegjerdet Norberg overfor avisa.

Ville ha att hagla

Valdsbruken skal ha funne stad utanfor butikken i etterkant av ransforsøket. Mannen vart overmanna av butikkeigaren og fråteken hagla. Mannen skal ha prøvd å få att hagla, men vart under diskusjonen slått fleire gonger.

Bygstad

FORSØK: Ein 66-åring er varetektsfengsla i fire veker etter at han prøvde å rane Spar-butikken i Bygstad.

Foto: Johan Moen / NRK

Til slutt gjekk hagla i fleire bitar.

– Vi slo ikkje for å ha det kjekt, men for å halde han ifrå oss. Vi var to som slo, og dette er det ingen av oss som slit med, for å seie det sånn, stadfestar butikkeigar Birkeland overfor Firda.

Brutal vald

Mannen var tydeleg prega av valden då han møtte til fengslingsmøtet i Fjordane tingrett. Han stod fram også som ein angrande syndar.

Forsvararen til mannen, Stig Nybø, meiner det som skjedde utanfor butikken står fram som brutalt.

– Alle skjønar at dei involverte her var i ein ekstrem situasjon, og det er ikkje sikkert at eg eller du hadde reagert noko annleis. Men eg må seie det står fram som brutalt, seier Nybø til avisa.