Hopp til innhold

Debuterte i Champions League framfor 60.000

Sven Erik Midthjell frå Eid tok eit langt steg i karrieren som fotballdommar onsdag kveld. Han var fjerdedommar i Champions League-kampen mellom Arsenal og Olympiakos.

Sven Erik Midthjell

SATSAR PÅ LINJA: Sven Erik Midthjell har spesialisert seg i rolla som assistentdommar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Dette var ei oppleving for livet. Det var 60.000 og fullsett stadion.

Han har vore assistentdommar i nokre internasjonale oppgjer tidlegare, men dette var hans debut i Champions League. Og det norske dommarteamet kom godt frå oppgåva i heksegryta på Emirates Stadium.

– Frå observatørane og dei som rettleier oss har vi fått gode tilbakemeldingar.

– Og ingen sure miner frå nokon av laga?

– Nei, det var veldig god stemning både på benken og ute på bana gjennom heile kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gervinho

EMIRATES STADIUM: Dette biletet er frå kampen Arsenal-Chelsea sist helg.

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters

Representerer framleis Eid

Sven Erik Midthjell er 29 år gamal og arbeider som politibetjent i Bergen. Men han brukar stadig meir tid på fotballbaner i inn- og utland. Og han representerer framleis Eid Idrettslag.

I Champions League-oppgjeret mellom Arsenal og Olympiakos var han fjerdedommar og hadde tilhald på sidelinja nær innbytarbenkane.

– Der tek eg meg av det formelle rundt innbyte, men 80 prosent av kapasiteten brukar eg på det som skjer inne på bana, eg støttar opp om dei avgjerdene som dommarteamet tek, eg spelar inn via mikrofonen min det eg ser av situasjonar i mitt nærområde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sven Erik Midthjell

STOR KONTRAST: Her er Sven Erik Midthjell i aksjon som linjedommar i ein treningskamp mellom Brann og Aalesund i 2007.

Foto: Stig Høynes / NRK

To frå Sogn og Fjordane

Det var Svein Oddvar Moen (Haugar) som var hovuddommar. Han hadde med seg assistentdommarane Kim Tomas Haglund (Navestad) og Frank Andås (Gjøvik/Lyn) og altså Sven Erik Midthjell (Eid) som fjerdedommar.

Og Midthjell var ikkje den einaste frå Sogn og Fjordane på Emirates Stadium denne kvelden. Tommy Skjerven (Kaupanger) var måldommar saman med Brage Sandmoen (Kjelsås).

Arsenal vann kampen 3-1.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sven Erik Midthjell

STOR OPPLEVING: Sven Erik Midthjell (t.v.)

Foto: Sander Heggheim / NRK

Spesialisert seg som assistentdommar

Sven Erik Midthjell har spesialisert seg som assistentdommar, og difor får vi ikkje sjå han som hovuddommar i store oppgjer.

– I toppfotballen er det slik at anten er ein hovuddommar eller så er ein assistentdommar. Eg vart oppnemnd som assistentdommar, og eg får oppdrag ut frå det.