Hopp til innhold

Skal debutere på linja i eliten

På søndag får Sogn og Fjordane sin fjerde dommar i eliteserien denne sesongen. Då debuterer Joakim Knapstad frå Eikefjord som linjedommar på landets øvste nivå.

Joakim Knapstad

ELITEDOMMAR: I kampen mellom Haugesund og Strømsgodset på søndag får Joakim Knapstad sin eliteseriedebut.

Foto: Stig Høynes

– Det er utruleg kjekt å få sjansen, og det er eit mål eg har jobba mot i lengre tid, seier Knapstad. Søndag går han på linja i kampen mellom Haugesund og Strømsgodset.

– Vil etablera meg

Knapstad vart denne helga kåra til Årets dommar i Sogn og Fjordane av fotballkrinsen.

I går fekk han gladmeldinga om at han får prøva seg på det øvste nivået i norsk fotball. Han blir den fjerde dommaren frå fylket på toppnivå denne sesongen. Dei andre tre frå fylket som har dømt på det øvste nivået denne sesongen er Tommy Skjerven, Sven Erik Midthjell og Steinar Holvik.

– Det blir spanande og utfordrande, og eg håpar jo på ein fin kamp. Dette og prisen i helga gir meg motivasjon til å satsa vidare på dømminga, og målet er å etablera seg i eliteserien.

Vil til eliteserien

Knapstad har dømt i fyrstedivisjon dei siste to sesongane, og eikefjordingen trur det blir der han dømmer til neste år også.

– Eg forventar å dømma i fyrstedivisjon til neste år også, men eliteserien er det langsiktige målet.

– Vil du til Europa?

– Eg tek ting som det kjem, men Europa er ikkje noko eg tenkjer mykje på, smiler Knapstad.

– Fifadommar

Robert Endestad

IMPONERT: Styreleiar i fotballkrinsen, Robert Endestad.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Nyvald styreleiar i fotballkrisen og mangeårig dommar, Robert Endestad, er ikkje overraska over at Knapstad no får sin elitedebut.

– Det er heilt fantastisk. Han har gjort ein kjempejobb i fleire år, og eg har berre venta på at han skal få dømma i eliteserien, seier Endestad

Endestad trur at Knapstad kjem til å etablera seg i eliteserien i løpet av dei neste åra, og at det ikkje kjem til å stoppe der.

– Han kjem til å bli FIFA-dommar. Han har det i seg, og er personleg sterk og har interesse for det.