Hopp til innhold

Tarjei Bø droppar ny høgdesamling

Tarjei Bø klarar ikkje riste av seg sjukdomen som har halde han tilbake sidan i sommar.

Tarjei Bø
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

- Kroppen er ikkje i den tilstanden den skal vere for å reise og trene i høgda. Når han ikkje er 100 prosent kan han ikkje trene i høgda der det er mindre tilgang på oksygen, seier trenar for skiskyttarlandslaget, Espen Nordby Andersen til VG Nett.

Bø blir altså ikkje med på landslaget sin høgdesamling i Italia, nett som han måtte droppe ei tilsvarande samling i Italia i august. Også det på grunn av sjukdom. Han måtte også melde avbod til NM i rulleskiskyting i september.

Fekk kritikk frå legane

Bø har tidlegare fått kritikk frå langslagslegane for at han er for utålmodig når han kjem att frå sjukdomsperiodar.

Også store deler av fjorårssesongen til Bø vart øydelagt på grunn av sjukdom, og han har ikkje kunna drive med skikkeleg hardtrening i denne sesongoppkøyringa.

- Ingen aning

Overfor VG Nett kan ikkje Espen Nordby Andersen svare på kva det er som feilar Bø, kor mykje han er sett tilbake eller når han kan vere i full trening att.

- Eg har ingen aning. Håpet er at han kjem tilbake kjapt.

Også vesleboren til Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, står over høgdesamlinga i Italia. Men det er for å verne han mot det største treningstrykket i hans første sesong på seniornivå.