Hopp til innhold

NVE fryktar for liv og helse etter bygginga av ny sti i Førde

Ein ny rapport frå NVE sler fast at den nyopna stien Hafstadkleiva i Førde kan føre til ras og flaum i eit nærliggjande bustadområde.

Bystien i Førde

UROA FOR STI: NVE er uroa for følgjene av bygginga av Hafstadkleiva i Førde.

Foto: Anders Veberg / NRK

– Det kan medføre store materielle skader og setje liv og helse på spel for bebuarane, skriv NVE etter at dei var på synfaring i området i slutten av august.

Det er avisa Firda som melder dette i dag.

Rann meir vatn

Det er etter bygginga av den såkalla bystien, som no er døypt Hafstadkleiva, at NVE no gjev klar melding om tilhøva. Eigedomane som kan bli råka av flaum og ras ligg i bustadområdet Lysthaugen.

Grunneigarar i området varsla frå om at dei merka at meir grunnvatn enn vanleg rann ned frå fjellsida etter bygginga av den populære stien.

– Det nye vassløpet har teke med seg finstoff og grusmassar som har tetta dreneringane til bygningane, og begge bustadane har fått omfattande vasskadar i kjellaren, skriv advokat Thomas C. Jarning på vegner av ein av huseigarane.

- Kan skli ut

NVE er svært klare i sin rapport, og konklusjonen er klar:

– Det er særs viktig å stoppe vasstraumen i «renna» mot Lysthaugen 6. Då vil sedimenta i bakken truleg stabilisere seg. Ved vidare utvasking kan større blokker kome i rørsle og ta med seg større delar av, eventuelt heile, skråninga mot busetnaden, skriv NVE ifølge Firda.

No varslar grunneigarane erstatningskrav på fleire millionar kroner etter bygginga av stien, som NVE meiner kan føre til fare for liv og helse.