Hopp til innhold

«Bystien» fekk nytt namn

Bystyret i Førde vedtok torsdag det nye namnet på løypa frå sentrum til Hafstadfjellet.

Bystien i Førde

POPULÆRT: Den nye turløypa frå Førde sentrum til toppen av Hafstadfjellet har fått nytt namn.

Foto: Tale Høyem / NRK

Valet stod mellom Bystien og Hafstadkleiva , og med 15 mot 12 røyster landa bystyret på sistnemnde namn, skriv Firda.no. Fleire av partia delte seg i avrøystinga.

Namnet Bystien har lenge vore brukt om løypa, noko forkjemparane for dette namnet trekte fram. Forkjemparane for Hafstadkleiva viste mellom anna til at stien er ei kleiv som ligg på Hafstad og at namnet ivaretek lokal tradisjon.

Både rådmann Ole John Østenstad og sakshandsamar Håkon Fimland meinte at namnet burde vere Bystien, men bystyret støtta istaden opp om tilrådinga frå formannskapet.