Hopp til innhold

Har ikkje tru på Gahr Støre

-Jonas Gahr Støre vil ikkje bli noko betre helseminister enn forgjengaren. Dette seier Bente Øien Hauge i "Forsvar Lærdal sjukehus".

Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge har ikkje tru på Jonas Gahr Støre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Statsminister Jens Stoltenberg bestemte seg i dag for omfattande endringar i regjeringa, noko som mellom anna medfører at Gahr Støre erstattar Anne-Grete Strøm-Erichsen som helseminister.

Desillusjonert

Strøm-Erichen har, for å seie det mildt, vore lite populær hos sjukehusaksjonistane i Nordfjord og i Sogn, men Øien Hauge har ikkje tru på at Gahr Støre vil bli noko betre.

-Eg skulle ønskje eg kunne få eit nytt håp, men eg er ganske desillusjonert når det gjeld Arbeidarpartiet sin sjukehuspolitikk. Eg trur dessverre ikkje det blir noko kursendring om Jonas Gahr Støre blir helseminister, Øien Hauge.

Vil ikkje lytte

Ho tur leiinga i Ap har bestemt seg for at sentralisering er bra.

-Korkje Stoltenberg eller andre vil lytte til grasrota, forskarar, dei tilsette ved sjukehusa eller pasientane når det blir påpeika at dei er på feil kurs.

- Men med så mykje bråk innan sjukehussektoren dei siste åra kan det kanskje kome godt med at vi får ein helseminister med erfaring med diplomati på høgt plan?

– Ja, men vi treng ikkje diplomati. Det vi treng er folk som lyttar til kva som faktisk skjer og kva konsekvensar dette har for pasientane, seier Øien Hauge.