Hopp til innhold

Riksantikvaren på synfaring i Vik - veit ikkje kva som skjer med mølla

Riksantikvaren veit ikkje kva det vil koste med eit varig vern av talkmøllla i Framfjorden i Vik. Kor vidt dette er aktuelt er heller ikkje bestemt – først må klagen på det mellombelse vernet avgjerast.

Talkmølla i Framfjorden på 1930-talet og i 2007

TALKMØLLE: Slik såg det ut i Framfjorden på 1930-talet og i 2007. No er det slutt på drifta ved talkmølla.

Foto: Montasje/Privat/Ottar Starheim

I midten av august vart det kjent at Riksantikvaren gjekk inn med ei mellombels freding av den gamle talkmølla i Framfjorden. Eigaren har bedt om å få rive mølla, og både Vik kommune og Fylkesmannen har gitt klarsignal.

Ifølgje Sogn Avis har dei sveitsiske eigarane jobba med å få på plass rivingsløyve i åtte år. Dei har no klaga på den midlertidige fredinga.

Alexander Ytteborg som er seksjonsleiar for tekniske kulturminner hos Riksantikvaren seier til NRK.no at dei håpar å ha avgjort klagesaka innan nokre få veker. Onsdag var han i Framfjorden for å sjå nærare på talkmølla.

– I forhold til klagesaka er det to moglege utfall. Anten at vi går klager i møte og avfredar, eller at vi oversender klagen til departementet for behandling, seier Ytteborg til NRK.no.

– Hadde ikkje anna val

Då Riksantikvaren for litt over ein månad sidan gjekk inn med ei mellombels freding vart ordføraren i Vik svært letta. Marta Finden Halset fortalde då til NRK.no at kommunen ikkje anna val enn å seie ja til riving, men at ho aller helst vil at talkmølla skal vernast for framtida.

– Utan rivingsløyve hadde mølla blitt ståande til den datt ned, for hadde det ikkje vore eit rivingsløyve hadde det ikkje vore nokon som hadde vore nøydde til å gripe inn med freding, sa Finden Halset til NRK.no i august.

Halset viser til at mølla har høg kulturhistorisk verdi og at anlegget gjennom eksport av talk vart kjent på ein internasjonal marknad. Ordføraren meiner det er svært viktig å ta vare på denne industrihistoria.

Ville vinne tid

Alexander Ytteborg i Riksantikvaren seier vedtaket om mellombels freding i hovudsak vart gjort for å vinne tid.

– Det var gjort for å vere sikre på at vi har gjort ei ordentleg vurdering og for å få ro til å gjere ei skikkeleg vernevurdering, seier Ytteborg til NRK.no.

I går var han på plass ved mølla for å sjå nærare på anlegget.

– Vi var der for å få ei oversikt over utfordringar og konfliktflater og andre omsyn som må takast i forhold til klagesaka som eigar har kome med, forklarar Ytterborg.

Usikkert om mølla blir varig freda

Kor vidt mølla blir varig freda kan ikkje Ytteborg svare på no. Han seier dei først må avgjere klagen på den mellombelse fredinga.

– Vi må ta det første steget no, kva som skjer vidare etter det, det er for tidleg å seie noko om, seier Ytteborg til NRK.no.

Kva vurderingar han gjer i forhold til talkmølla vil han ikkje kome nærare inn på, av omsyn til klagehandsaminga.

– Det er absolutt eit interessant industriminne, men det er vanskeleg å kommentere alle sider av saka når vi no er midt inne i ei klagesak.

Kva det vil koste med varig freding har Riksantikvaren heller ikkje oversikt over. Direktør i Norwegian Talc, Per-Gunnar Leversen, seier til Sogn Avis at det vil krevje formidable beløp for å gjere mølla om til ein turistattraksjon.

Ytteborg seier dei no har bede om meir materiale for å sjølve kunne ta stilling til kva det eventuelt vil koste med ei varig freding.

– Dette er også avhengig av kva ambisjonsnivå ein eventuelt legg seg på, om mølla skal brukast til museum eller anna type verksemd for eksempel, seier Ytteborg til NRK.no.