Hopp til innhold

Riksantikvaren fredar talkmølla

Då Vik kommune sa ja til å rive den gamle talkmølla i Framfjorden hadde ordføraren eit ørlite håp om at Riksantikvaren skulle stogge planane. No har det skjedd.

Talkmølla i Framfjorden på 1930-talet og i 2007

TALKMØLLE: Slik såg det ut i Framfjorden på 1930-talet og i 2007. No er det slutt på drifta ved talkmølla.

Foto: Montasje/Privat/Ottar Starheim

Tysdag vart kommunen informert om at Riksantikvaren har bestemt seg for å mellombels frede talkmølla, skriv Sogn Avis.

– Eg som ordførar er svært glad for at Riksantikvaren har kome med eit fredingsvedtak, seier ei glad og letta Marta Finden Halsen til NRK.no.

Både Vik kommune og Fylkesmannen har gitt klarsignal for å rive talkmølla, men no blir det altså ikkje noko av med det første.

– Måtte gje løyve til riving

Findel Halset seier Vik kommune fekk søknad frå eigaren av mølla om riving, og at dei ikkje hadde anna val enn å seie ja til dette.

– Skulle vi gå imot riving måtte vi ha ein lovheimel, men det fann vi ikkje. Vi har heller ikkje råd til å ta kostnaden med å overta, så då måtte vi seie ja til riving, seier ordføraren til NRK.no.

Dersom ikkje kommunen hadde sagt ja til riving, kunne ein risikert at mølla berre ville blitt ståande til nedfalls, seier ordføraren vidare.

– Utan rivingsløyve hadde mølla blitt ståande til den datt ned, for hadde det ikkje vore eit rivingsløyve hadde det ikkje vore nokon som hadde vore nøydde til å gripe inn med freding, forklarar ho.

– Eit sjansespel

Likevel var det med tungt hjerte at kommunen sa ja til riving. Ordføraren vedgår også at dei ikkje hadde for store håp om at Riksantikvaren faktisk ville gripe inn.

– Det var eit sjansespel, men vi håpte at Riksantikvaren og overordna styresmakter ville komme med verneplanar, seier Finden Halset.

At Riksantikvaren no har gått inn for ei mellombels freding er ho svært godt nøgd med. Ho viser til at mølla er av høg kulturhistorisk verdi og at anlegget gjennom eksport av talk vart kjent på ein internasjonalt marknad.

– Ei slik industrihistorie er særs viktig å ta vare på, det er viktig for generasjonane framover, seier Vik-ordføraren til NRK.no.

No ventar ho spent på kva Riksantikvaren vil gjere med mølla som sysselsetje 100 arbeidarar heilt tilbake i 1907.

– Håpet er at Riksantikvaren skal ha middel til å ta hand om bygningen og gruvene.