Hopp til innhold

Mangla utstyr til å fire seg ned - veka etter er utstyret på plass

Hundre meter over Nordfjorden vart arbeidarane sitjande fast i ei arbeidskorg utan moglegheit til sjølve å berge seg ned. Ei veke seinare har selskapet fått redningsutstyr på plass.

Arbeidarar som sit fast 100 meter over Nordfjorden

HAR FÅTT PÅ PLASS UTSTYR: Sist måndag var to linjemontørar frå Sogn og Fjordane Energi sitjande fast i ei korg høgt over fjorden, utan utstyr til å fire seg ned sjølve. No, ei veke seinare, er utstyret på plass.

Foto: Montasje: Øystein Torheim

Sogn og Fjordane Energi har nemleg valt å kjøpe inn utstyr som gjer at linjemontørar sjølve kan fire seg ned frå store høgder, skriv Sunnmørsposten på nett.

Sist veke måtte to arbeidarar overnatte i høgda då det oppstod tekniske problem med arbeidskorga dei var i. Fleire forsøk på å redde dei ned med helikopter var mislukka, og først dagen etter kunne dei fire seg ned. Då vart dette utstyret kasta ned til dei frå eit redningshelikopter.

Fungerande konsernsjef i SFE, Asgeir Aase, seier til NRK.no at dei ser at utstyr til å fire seg ned er noko som bør vere i korgene.

– Vi har lært opp våre folk til å kunne fire seg ned sjølve, og fått utstyr på plass slik at dei kan kome seg ned ved eiga hjelp, seier Aase til NRK.no.

– Om det er dette ein vil velje i ein situasjon er usikkert, men det er ein moglegheit viss andre ting ikkje vert mogleg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Dei har tenkt seg opp i arbeidskorga igjen, dei to kraftline-montørane som i går blei berga ned på bakken igjen i Stryn.
Då hadde dei hunge i den vesle korga 100 meter over fjorden i over eitt døgn.

Måtte overnatte 100 meter over fjorden

Redningsmannskapa kjempa mot klokka då dei sist veke prøvde å berge ned dei to arbeidarane som sat fast i korga over Nordfjorden. Rundt 100 meter over fjorden hadde dei to arbeidd med å skifte ut blåser på linjespennet då noko gjekk gale.

Ein teknisk feil ved korga gjorde at dei ikkje klarte å ta seg tilbake, og forsøka på å rette feilen var mislukka. Seint måndag kveld prøvde eit redningshelikopter å berge mennene, men måtte avbryte. Det einaste dei kunne hjelpe med var varme klede og ei presenning – så måtte mennene overnatte i den vesle arbeidskorga.

Dagen etter vart det igjen gjort forsøk på å redde ned mennene med helikopter, men igjen var forsøka mislukka. Det var meldt om lyn og torevêr i området og til slutt byrja det å haste med å få mennene i tryggleik.

Til slutt vart det kasta ned tau og utstyr slik at mennene sjølve kunne fire seg ned til båtar på fjorden.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fanga i ei trong arbeidskorg, hengande høgt over Nordfjorden. Slik måtte to kraftline-arbeidarar tilbringa eitt døgn 
- berga i ettermiddag 
- svært vanskeleg redningssaksjon...

Har fått nødvendig opplæring

Dei to mennene som var i korga var ikkje trena til å bruke slik utstyr, skriv Sunnmørsposten. Men med hjelp frå Sunnmøre Alpine Redningsgruppe fekk mennene til slutt fira seg trygt ned i båtane under.

Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi seier til NRK.no at dei har gjort slikt arbeid i årevis og at dei aldri tidlegare har vore ute for noko liknande. Han meiner det er svært usannsynleg at noko liknande kan kome til å skje igjen, men uansett vel selskapet no å vere på den sikre sida.

Allereie ei veke etter hendinga har selskapet trena opp montørane som driv slikt arbeid i nedfiring frå store høgder. Utstyret til å gjere dette er også på plass i arbeidskorgene.

– Vi har gjennomgått episoden frå A til A. I denne situasjonen var det teneleg med slikt utstyr, og vi kan ikkje ha ein slik episode utan å setje i verk alle moglege tiltak som vil gjere oss betre rusta til å takle ein eventuell situasjon neste gong, seier Aase til NRK.no.

Han seier utstyret gjer at arbeidarane vil kunne fire seg ned frå høgder opp mot 200 meter. Aase seier vidare at SFE framleis meiner tryggleiken til mennene var godt ivareteke, men at det er viktig for selskapet å få på plass utstyr som gjer det mogleg for arbeidarane å sjølve ta seg ned.

Korga heng framleis på linja

Arbeidskorga dei to mennene overnatta i heng framleis ute på linja. Enno veit ikkje SFE detaljane om kva som er gale med den, men ifølgje Sunnmørsposten håpar dei å finne ut meir om den defekte akslingen når korga blir henta inn att.

– Det første vi skal gjere er å hente inn att korga og finne ut kva som eigentleg skjedde i detalj, seier Aase til NRK.no og legg til:

– Så skal vi fullføre jobben med å bytte blåser på spennet over Nordfjorden.

Dette arbeidet skulle etter planen vere ferdig sist fredag, skriv Sunnmørsposten. No håpar SFE at dei skal få gjort ferdig arbeid før hausten og vinteren set inn for fullt.

– Med mindre vêret blir heilt gale, så skal vi få det til, ja, seier Aase til NRK.no.

Arbeidarane vart trygt redda ned etter å ha måtte overnatte i korg høgt over fjorden

REDDA NED: Kristoffer Espelund (18) og Kåre Olav Farstad (31) var svært letta då dei til slutt fekk fira seg ned frå arbeidskorga 100 meter over Nordfjorden.

Foto: Montasje Øystein Torheim