Fleire mislukka redningsforsøk - mennene måtte sjølv fire seg ned

Redningsmannskapa kjempa mot klokka for å få ned dei to mennene som har site fast i ei arbeidskorg 100 meter over Nordfjorden. Ved 12.40-tida, nær eit døgn etter at dei gjekk ut i korga, var mennene endeleg trygt nede.

Dramatisk bergingsaksjon for å hente to montørar som sat fast i ei arbeidskorg 100 meter over Nordfjorden.

FIRA SEG NED: Mennene måtte sjølv fire seg ned dei vel 100 meterane ned til båtane som låg på Nordfjorden. SJÅ VIDEO!

Det er meldt dårleg vêr i området og det har hasta med å få ned mennene som sidan måndag kveld har site fast i ei arbeidskorg som heng i kraftlinja over Nordfjorden. Forsøket på å redde ned mennene med helikopter var mislukka.

SISTE: I 12-tida hadde mennene i korga fått ned eit tau og nokre minutt etter klokka 12.30 var den eine av dei trygt nede i ein båt på fjorden.

– Akkurat no har den første av dei to klart å fire seg ned, seier NRK-reporter Asgeir Reksnes som er på staden.

Høyr reporteren fortelje på direkten om den dramatiske nedfiringa:

– No kan han puste letta ut

Han seier dette gjekk raskt og effektivt føre seg og at den andre personen i korga er i ferd med å gjere seg klar til å fire seg ned.

– No ser eg i kikkert at den andre personen står klar til å fire seg ned. Han festar tydelegvis forskjellig tryggleiksutstyr før han også skal fire seg ned frå korga, seier NRK-reporteren ved 12.40-tida.

– No er han på veg nedover. Det ser ut til at dette går veldig fint og vedkommande har kontroll på det han driver med. No kan han puste letta ut, rapporterer Reksnes etter at også den andre av dei to kunne ta seg ned i ein lettbåt på fjorden.

Dei to mennene er kalde og våte etter å site i vogna i eitt døgn. Begge skal vere fysisk uskadde, men er naturleg nok både slitne og prega av døgnet høgt over fjorden. Dei to blir sende til legesjekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her er arbeidarane endeleg på trygg grunn

TRYGT PÅ LAND: Her er mennene endeleg trygt på land. Dei måtte til slutt fire seg ned frå korga som vart hengande 100 meter over Nordfjorden.

Foto: Øystein Torheim

Heisast ned i båt

Informasjonssjef i Sogn og Fjordane Energi, Kai Petter Sårheim, sa klokka 11.30 at redningsmannskapa har hatt eit fellesmøte og at dei no har lagt ein plan for det vidare arbeidet.

Dersom ein ikkje lukkast med å hente opp arbeidarane med helikopteret må dei sjølv fire seg ned til fjorden. Helikopteret vil då sleppe ned eit tau til dei to mennene i arbeidskorga.

Her blir mennene fira ned frå korga over Nordfjorden

FIRA SEG NED: Mennene måtte sjølv fire seg ned dei vel 100 meterane ned til båtane som låg på Nordfjorden.

Foto: Øystein Torheim

Dette tauet skal montørane deretter feste i ei blokk på arbeidsvogna, og sleppe vidare ned i båtar nede på fjorden. Her vil det vere mannskap frå ei alpin redningsgruppe som vil guide montørane vidare.

– Montørane har på seg klatreselar og dette er snakk om kople på karabinkrokar. Den alpine redningsgruppa har dialog med montørane og begge dei er klare på at dei er komfortable med å gjere det på denne måten, seier Sårheim til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her blir den eine mannen fira ned i båtane som ventar på Nordfjorden

FIRA NED: Her er ein av dei to montørane frå SFE på veg ned i dei ventane båtane på Nordfjorden.

Foto: Øystein Torheim

Måtte avbryte første forsøket

Klokka 10.30 kom eit redningshelikopter kome til området. Det vart gjort forsøk på å berge ned dei to arbeidarane.

– Eit helikopter frå 330-skvadronen frå Florø har no gjort eit forsøk. Ein redningsmann vart heisa ned mellom kraftlinjene og hang like over korga der desse mennene er fanga, sa NRK sin reporter på staden Vidar Gudvangen like over klokka halv ti.

Dette forsøket måtte avbrytast.

– Det er mykje vind og regn. Det kan vere ein er redd for at redningsmannen skal bli teke av vinden mellom desse kraftleidningane, sa Gudvangen litt over klokka halv ti.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningshelikopter prøver å berge ned arbeidarane over Nordfjorden

PÅ PLASS: I 10.30-tida var eit redningshelikopter kome til området og prøvde å redde ned mennene.

Foto: Øystein Torheim

Jobbar med to planar

Det er to tilsette i Sogn og Fjordane Energi (SFE) som sidan måndag kveld har site fast i ei arbeidskorg hengande frå kraftlinja, som går mellom Stavenes og Agjeld i Nordfjord. Ein teknisk feil gjorde då at korga ikkje ville gå tilbake.

Planen er mennene skal hentast ned med eit redningshelikopter, men dette vart ei stund tysdag føremiddag rekna som for farleg.

Då NRK snakka med Hovudredningssentralen like før klokka 10 fortalde dei at det no blir jobba med to parallelle planar.

Aller helst vil ein berge ned mennene ved hjelp av helikopter. Om dette ikkje let seg gjere er det henta inn ei alpin redningsgruppe som skal ta seg ut til mennene med ei ny korg.

Vurderer å fire ned mennene i båt

Ved 09-tida meldte NTB at Hovudredningssentralen rekna det som for farleg å hente ned arbeidarane med helikopter.

I staden vart det jobba vidare med den andre løysinga. Dette er å få kopla på ein ny arbeidskorg på kraftlinja og sende denne ut til arbeidarane.

– Vi har kalla inn Sunnmøre Alpine redningsgruppe som skal ta seg ut til dei to arbeidarane i ei ny korg, og så fire dei ned i ein båt på fjorden. Dette tek litt lenger tid, men er tryggare, sa redningsleiar Johan Mannsåker til NTB.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningshelikopter forsøker å redde ned mennene som sit fast over fjorden

MISLUKKA: Det første forsøket på å redde ned mennene med helikopter måtte avbrytast.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Arbeidar framleis med helikopterplanane

Kort tid seinare har ting endra seg. NRK får like før klokka 10 opplyst frå Hovudredningssentralen at dei framleis håpar å kunne hente ned mennene med helikopter.

– Primært ønskjer vi å heise dei ut ved hjelp av helikopter. Viss det ikkje let seg gjere vil folk frå redningsgruppa og kraftlaget ta seg ut i ei ny korg og hente mennene, eventuelt ta den ned til sjøen, seier redningsleiar Edvard Middelthon ved Hovudredningssentralen til NRK.no.

Redningsleiaren opplyser at det no blir jobba vidare med begge alternativa. Den alpine redningsgruppa vil vere på plass i 10-tida og skal då starte arbeidet med å rigge seg til i den nye korga.

Samtidig er eit redningshelikopter frå Florø på veg til Stryn. Dette er venta å vere framme litt før klokka 11.

Dårleg vêr på veg

Helikopter blir vurdert som løysing nummer ein. Kraftlinja som går over fjorden går i tre kablar, og det må stor presisjon til for å unngå kontakt med desse dersom ein skal fire ned ein redningsmann får NRK forklart.

Det er meldt om dårleg vêr i området, med lyn og tore i 12-tida. Dersom lynet slår ned i ein av kablane vil det kunne få fatale konsekvensar for mennene i korga og eventuelle redningsmannskap.

Middelthon seier det dårlege vêret naturleg nok vil kunne vanskeleggjere redningsarbeidet, men håpar på det beste.

– Akkurat no er det klart vêr, seier han til NRK.no kort tid før klokka 10.

(Artikkelen held fram under videoen)

To SFE-tilsette har fått seg ei natt dei truleg aldri vil gløyme. Ein teknisk feil har gjort til at dei har måtte overnatte i ei lita arbeidskorg minst 100 meter over Nordfjorden.

SIT FAST I KORG: Dei to tilsette i energiselskapet SFE har site fast i denne korga i over 15 timar.

Mislukka redningsoppdrag seint i går kveld

Dei to mennene arbeidde måndag med kraftlinja som går over Nordfjorden mellom Stavenes på nordsida og Agjeld på sørsida. Ved 18.30-tida melde mennene frå om at dei hadde fått problem med korga.

Ein teknisk feil gjorde då til at denne ikkje kunne trekkjast tilbake. Mennene vart då sitjande faste i korga nær ein kilometer ute på fjorden.

Fungerande konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, sa til NRK i går at det vart gjort forsøk på å reparere den tekniske feilen, men at dette ikkje lukkast.

– Ein ubehageleg situasjon

Arbeidskorga er heilt ny, men Aase hadde ikkje i går ikkje noko forklaring på kva som ikkje fungerte.

– Mennene har det trygt og godt, men vått. Dei har mat og drikke og varme klede. Dei er ved godt mot, men det er sjølvsagt ein ubehageleg situasjon, sa Aase til NRK.no måndag kveld.

Det vart også gjort forsøk på å hente mennene ned med eit redningshelikopter, men i det mørke og dårlege vêret fekk ein heller ikkje til dette.

– Det vart for risikabelt og for få referansar. Det blir eit eventuelt nytt forsøk når det blir lyst, seier redningsleiar Erik Willassen ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK.no seint tysdag kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeidarar sit fast over Nordfjorden

OVERNATTA: Mennene har fått ei presenning som dei kan dekke til korga med. Likevel er det to kalde menn som tysdag føremiddag ventar på å bli berga ned frå korga.

Foto: Øystein Torheim

Kalde etter natt i høgda

Dei to mennene, ein operatør og ein lærling, har difor måtte overnatte i den vesle arbeidskorga på 1x1,5 meter. Her har det vore trongt om plassen fortel informasjonssjef i SFE, Kai Petter Isane til NRK.no tidleg tysdag morgon.

Det er vel knapt plass til at ein får setje seg ned. Men å strekkje seg ut og slik, det får ein ikkje, seier Sårheim.

Rundt midnatt fekk mennene heisa ned meir klede og ein presenning. Denne har dei brukt til å dekke over korga.

– Men når ein sit der oppe i så mange timar utan noko å varme seg på, så blir ein kald, seier Sårheim.

Dei to mennene fortalde i 07-tida at dei var byrja å bli kalde, men at dei framleis var ved godt mot.

Hovudredningssentralen har to alternative planar for å berge ned dei to mennene.

TEKNISKE PROBLEM: Då mennene skulle avslutte arbeidet for dagen fekk dei tekniske problem med korga. Sidan har dei site fast i korga 100 meter over Nordfjorden.