Hopp til innhold

Blir skulda for brot på rutinane

Sogn og Fjordane Energi blir skulda for brot på rutinane etter at to linjemontørar måtte overnatte i ei korg hengande 100 meter over Nordfjorden. Selskapet må no også forklare seg for Arbeidstilsynet.

Arbeidarar som sit fast 100 meter over Nordfjorden

MÅTTE OVERNATTE I HØGDA: Den tekniske feilen vart oppdaga måndag kveld, men først ved 12.30-tida dagen etter vart mennene redda ned frå korga som hang rundt 100 meter over Nordfjorden.

Foto: Montasje: Øystein Torheim

Kalde og slitne vart dei to linjemontørane redda ned frå den vesle arbeidskorga ved 12.30-tida tysdag.

Då hadde dei vore fanga i korga sidan kvelden før, etter at ein teknisk feil gjorde til at korga ikkje kunne trekkjast tilbake til land. Dei to hadde arbeidd på linja som går mellom Stavenes og Agjeld i Nordfjord då det gjekk gale.

Skagerak Nett driv med tilsvarande arbeid, og leiaren av montasjeavdelinga meiner det må skjedd brot på rutinane når arbeidarane ikkje vart berga ned allereie same dag som feilen oppstod, altså på måndag.

– Det er fordi det er veldig strenge forskrifter og instruksar ved arbeid i høgda, seier Geir Otto Pettersen i Skagerak Nett til NRK.no.

Fleire mislukka redningsforsøk

Redningsmannskapa kjempa ein tøff kamp mot klokka då dei tysdag morgon gjorde fleire mislukka forsøk på å redde ned dei to linjearbeidarane. Etter timevis i den vesle vogna 100 meter over fjorden var arbeidarane byrja bli kalde og våte. Sjølv om dei hadde fått heisa ned ei presenning og varme klede måndag kveld, var det langt frå komfortabelt i arbeidskorga på 1 x 1,5 meter.

Det var meldt om lyn og torevêr i området, og tysdag føremiddag var det begynt å haste med å finne ei løysing på å få redda ut arbeidarane.

Arbeidarane i korga melde frå om den tekniske feilen på korga ved 18.30-tida måndag kveld. Forsøka på å rette feilen var mislukka.

Ut på kvelden vart det gjort forsøk på å redde dei ned med helikopter, men dette lukkast heller ikkje. Dermed måtte mennene overnatte i korga, hengande høgt over Nordfjorden.

Tysdag føremiddag vart det igjen gjort forsøk på å redde ned mennene med helikopter, men då dette ikkje lukkast vart det kasta ned tau og klatreutstyr til dei to. Med god hjelp frå ei alpin redningsgruppe som guida dei gjennom det, firte dei to seg ned i båtar som venta på fjorden. Då mennene til slutt var trygt nede hadde dei vore i korga i over eitt døgn.

– Skal ha godkjent og eigna redningsutstyr

Geir Otto Pettersen i Skagerak Nett meiner arbeidarane burde vore redda ned same dagen som dei tekniske problema oppstod.

– Hos oss har vi eigne instruksar for arbeid i høgda, og der står det mellom anna at ein skal ha godkjent og eigna redningsutstyr, seier Pettersen til NRK.no.

Han viser til at Skagerak Nett har rutinar på at dei skal ha med seg redningsline i korga, slik at arbeidarar sjølv kan fire seg ned om noko skulle skje.

– Det skal heile tida vere barrierar for å hindre ulukker, og ein skal ha teke høgde for at ting kan skje, slik at ein kan kome seg vekk, seier Pettersen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fanga i ei trong arbeidskorg, hengande høgt over Nordfjorden. Slik måtte to kraftline-arbeidarar tilbringa eitt døgn 
- berga i ettermiddag 
- svært vanskeleg redningssaksjon...

Må forklare seg for Arbeidstilsynet

Rune Ravnestad i Arbeidstilsynet seier dei vil be om eit møte med Sogn og Fjordane Energi.

Han kan ikkje gå konkret inn i saka no, men seier dei vil vite meir om kva vurderingar selskapet har gjort seg i forkant av denne typen arbeid.

– Det var veldig bra at det gjekk bra. Men når det er sagt så kjem vi til å be Sogn og Fjordane Energi om eit møte, for å gå gjennom dei risikovurderingane og prosedyrane dei har for arbeid i høgda, seier Ravnestad til NRK.no.

Lovar å sjå på eigne rutinar

Asgeir Aase, SFE

UHELDIG: Fungerande konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, vedgår at det var uheldig at dei to mennene måtte site så lenge i korta høgt over Nordfjorden.

Foto: Johan Moen / NRK

Fungerande konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, seier dei i dag ikkje har eit opplegg som legg opp til at linjemontørar som driv denne typen arbeid skal kunne redde seg sjølve.

– Vi har ikkje hatt eit opplegg på at dei skal redde seg sjølve dersom det skjer feil på denne typen utstyr. Bakgrunnen for det er at dei sit trygt i ei vogn, og då tenkjer vi oss andre typar redning, seier Aase og legg til.

– Viss det derimot skjer ei ulukke oppe i ein stolpe, så har vi eit klart opplegg.

Han vedgår at det var uheldig at dei to arbeidarane vart sitjande så lenge i vogna.

– Dei vart nedkjølte og hadde det trasig, seier Aase.

Aase seier også dei har interesse av ein gjennomgang av sine eigne rutinar og lovar at dei skal endre på desse om det er noko som ikkje fungerer.

Det at det mangla redningstustyr i arbeidskorga er noko også politiet vil ta opp med energiselskapet. Det seier lensmann Lasse Trosdahl i Stryn og Hornindal til Bergens Tidende.

Her blir mennene fira ned frå korga over Nordfjorden

FIRA SEG NED: Til slutt måtte dei to linjemontørane fire seg ned i båtar på fjorden. Dette gjorde dei etter at dei hadde fått ned utstyr får eit helikopter.

Foto: Øystein Torheim