Hopp til innhold

Foreldre stolar ikkje på Vegvesenet - held ungane heime grunna rasfare

Foreldre i Fresvik i Vik er så redde for ras på skulevegen at dei held borna heime når det er dårleg vêr. Likevel får elevane fråvær på skulen.

Ras på Fresvikvegen

RASUTSETT: Foreldra stolar ikkje på Vegvesenet sine vurderingar, og har fleire gonger valt å halde ungane sine heime når vêret er dårleg. Dette raset sperra fylkesveg 182 mellom Fresvik og Feios i månadsskiftet november/desember sist vinter.

Foto: Astrid Bøtun

Ungdomsskulen i Fresvik vart i 201 flytta til Feios, noko som betyr at elevane frå Fresvik kvar dag må køyre på ein veg som er rasutsett for å kome til skulen.

Sjølv om Vegvesenet meiner vegen kan halde ope, er det ikkje alltid foreldra i bygda stolar på den vurderinga. Mor Aslaug Bøtun seier dei fleire gonger vel å halde ungane heime når det er dårleg vêr.

– Vi er redde for ungane våre, det er dei kjæraste vi har. Og vi veit kor rasfarleg det er utover vegen, seier ho til NRK.no.

Rasa den andre dagen elevane vart heldt heime

Vegen mellom Fresvik og Feios i Vik i Sogn er ein av mange rasutsette vegar på Vestlandet. På den eine sida ligg Sognefjorden og på den andre er det fleire bratte fjellveggar med laus stein.

Delar av vegen er rassikra med overbygg og tunnel, men på den nær to mil lange skulevegen er det fleire parti der det kvart år kjem ned stein og snø i vegbana.

Foreldra klarar ikkje alltid å stole på Statens vegvesen når dei seier at vegen er trygg nok til å halde open. I staden har foreldre fleire gonger valt å ikkje sende ungane med skulebussen når det er mykje nedbør og vind.

– Vi heldt dei heime i vinter, og den andre dagen vi heldt dei heime, då kom det ned nokre skikkeleg store steinblokkar i vegen. Då vart vegen stengd, seier Aslaug Bøtun.

Skulen fører fråvær

I år er det seks elevar som pendlar mellom Fresvik og Feios. Dei to åra sidan ungdomsskulen vart flytta har elevane vorte haldne heime mellom 10 og 15 dagar.

Elevane er då samla i eit klasserom på skulen i Fresvik, men utan lærar. Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese, er ikkje positiv til denne praksisen og seier elevane får fråvær når foreldra held dei vekke frå skulen i Feios.

– Det må vere slik at det ligg til Vegvesenet å vurdere om det er forsvarleg at vegen er open.

– Så lenge vegen er open så kan ikkje vi som kommune overprøve dei vurderingane, og så får foreldre og elevar ta dei konsekvensane som blir i forhold til fråvær, seier Ese til NRK.no.

Aslaug Bøtun trur ikkje dei vil slutte med å gjere eigne vurderingar av rasfaren og seier dei er mest opptekne av elevane sin tryggleik.

– Dei dagane dei har vore vekke har dei ikkje mista noko vesentleg, det er eg sikker på, seier ho.