Hopp til innhold

Denne kjempesteinen låg midt i vegen då Astrid kom køyrande

Berre flaks gjorde til at Astrid Bøtun ikkje køyrde rett inn i steinraset på fylkesveg 182 mellom Feios og Fresvik i Vik kommune.

Ras på Fresvikvegen

UMOGLEG Å KØYRE FORBI: Den store steinblokka var ikkje mogleg å passere med bil. Men til fots gjekk det fint.

Foto: Astrid Bøtun

– Grunna vêret tok vi det litt med ro. Heldigvis. Hadde vi køyrt i 80, slik vi pleier på vegen, så hadde vi køyrt rett i raset, fortel Astrid Bøtun.

Ho og familien kom køyrande frå Feios på fylkesveg 182 og var nesten komne inn att til Fresvik, då dei kom midt oppi raset.

Blokka dekkjer over halve vegbana

– Det er vanskeleg å seie kor stor blokka er i tonn, men ho var iallfall altfor stor til at eg ville ha hatt ho på bilen min, seier Bøtun.

Steinblokka er ganske stor og dekkjer over halve vegbana. I tillegg har det komme ned ein del grus og jord frå fjellsida.

Vegmeldingssentralen fekk beskjed om raset om lag klokka 21.

Raset låg rett etter ein sving

Den store steinblokka låg rett etter ein sving, og ifølgje Bøtun var raset ganske ferskt då dei oppdaga det.

– Det lukta mold og jord, så eg trur ikkje det var så lenge sidan det hadde gått, seier Bøtun.

Ho medgir at det var ei litt skremmande oppleving, sjølv om folk både i Feios og Fresvik er vane med at det rasar på fylkesvegen, spesielt når vêret er dårleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras Fresvikvegen

STORE MENGDER: Den enorme steinblokka må fjernast med dynamitt i morgontimane torsdag.

Foto: Astrid Bøtun

Ein plass det har rasa før

– Du skvett jo litt med det same. Og når ein har stogga bilen, så lurer ein jo på om det kjem meir ned fjellsidene, seier Bøtun.

Steinblokka kom ned like ved Vidhammargjelet, like før ein kjem til Fresvik når ein kjem frå Feios-sida. Her er det ikkje uvanleg at det rasar.

– Det er ikkje så lenge sidan det kom ei steinblokk i om lag same området. Her kjem det også både vatn og is vinterstid, fortel Bøtun.

Traska over raset til fots

Ho legg til at folk tek det litt meir med ro når vêret er stygt, for steinar i vegbana er ganske vanleg. Men rett nok ikkje så store.

Då familien Bøtun stoppa for steinen, hadde dei framleis eit stykke heim. Men heim ville dei.

– Eg var lite lysten på å vere der, så vi bestilte oss ein bil som henta oss på andre sida av raset. Og så gjekk vi over, seier Bøtun.

Pendlarane må vente

Bilen står på andre sida med ein varseltrekant bak, og går alt etter planen, står bilen der uskadd torsdag morgon også.

Ifølgje Vegmeldingssentralen vil vegen vere stengd fram til det lysnar av dag torsdag.

– Folk frå Mesta kjem for å sprengje vekk steinen, men det er først når det har vorte lyst. Og sjølve sprenginga tek jo også litt tid, så ein del pendlarar må berre vente, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen, Jan Erikstad.

Har ringt rundt i bygda

– Det er ein del som pendlar til Vik, i min husstand er det to som skal av garde. Eg skulle også ha pendla, men eg har ferie i morgon, så for meg går det bra. Men dei to andre må vente til sprengjearbeidet er ferdig, seier Bøtun.

Dei har også ringt rundt for å varskue foreldre som har born som skulle ha vore på skulen torsdag morgon.

– Vi har ringt til alle foreldra og sagt at dei må avvente, seier Bøtun.

Skuleborna i Fresvik har allereie hatt to dagar med skule i Fresvik, i staden for i Feios, nettopp grunna vêret og fare for ras.

– Vi her inne er vane med at vi må ta omsyn i forhold til vêret. Men vi kan ikkje bure oss inne av den grunn. Vi må røre oss ut av bygda innimellom likevel, seier Bøtun.