Hopp til innhold

Stein knuste panseret på bilen

Ein bilførar i Bremanger fekk ei dramatisk oppleving då ein stor stein dundra ned i panseret på bilen hans tysdag kveld.

Stein knuste panseret på bil

STORE SKADER: Panseret på bilen er knust etter at steinen landa på det.

Foto: NRK.no-tipsar

– Eg såg i sidesynet at steinen kom, men alt skjedde så fort at eg ikkje rakk å tenkje før det small, seier bilføraren som vil vere anonym.

Politiet fekk melding om steinspranget på fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein klokka 18:30 tysdag kveld. Ein stor stein hadde treft panseret på ein bil før den for vidare.

– Glad eg lever

Mannen var åleine i bilen og vêret var svært dårleg då han var ute å køyrde. Til alt hell blei han ikkje skadd då steinen kom. Bilen har fått store skader og er ikkje køyrbar.

Til NRK.no seier han at det går bra med han, trass den dramatiske opplevinga.

– Kva tenkjer du om at steinen var så nær frontruta?

– Det er klart det er ein vekkjar. Eg er glad eg er i live, seier han.

Vegen stengd på grunn av rasfare

Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at fylkesvegen er stengd mellom Davik og Dombestein på grunn av rasfare. Vegen blir ikkje opna igjen i dag. Dei omlag 20 personane som bur i Dombestein, får ein lang omkøyringsveg no når vegen er stengd.

Det har gått fleire ras på denne vegen. Ein taxisjåfør var berre centimeter frå å bli knust av ein stor stein då han køyrde rett inn i eit jord- og steinras ei desembernatt i fjor.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.