Hopp til innhold

Snart klart for våpen i politibilar

Politiet i Sogn og Fjordane vil om kort tid ha våpen liggjande i bilane.

Politi-pistol

SNART I POLITIBILANE: Politiet ønskjer våpen i bilane for å styrkje beredskapen.

Foto: Ola Helness / NRK

Det har vore semje om dette også tidlegare, men Politidistriktet vil no ha fortgang i prosessen.

Det skjer på bakgrunn av kritikken mot politiet i 22. juli rapporten. I rapporten blir det retta svært krass kritikk mot politiet sin beredskap og heile politietaten jobbar no for å bli betre.

Vil betre beredskapen

Politimeister Johan Brekke

UTFORDRANDE: Politimeister Johan Brekke seier beredskapen er ei utfordring i kvardagen for politiet

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Leiarar og tillitsvalde i politiet i Sogn og Fjordane har i dag hatt møte om beredskap og utrykkingstid. Det betyr at dersom politifolk som er i bilen får eit oppdrag som krev våpen, slepp dei å køyre innom kontoret.

– Å få våpen i bilane vil betre beredskapen, meiner politimeister Johan Brekke.

Brekke har også tankar om den generelle beredskapen i Sogn og Fjordane. Han trur at politiet må vekk frå dei mange små einingane som er her.

– Skal vi få beredskapen i Sogn og Fjordane betre i forhold til dei ressursane vi har, så er det openbert at vi har veldig mange og ikkje minst små einingar. Det gjer det veldig utfordrande i forhold til vakt og beredskap. Det hadde vore betre for beredskapen om eg hadde meir folk samla på ein stad.

Trur ikkje det tek lengre tid

Han trur ikkje dette vil medføre lengre utrykkingstid for politiet

– Det kjem an på kva slags teneste ein har. Har ein aktiv teneste og det er nok politifolk i patruljar i distriktet, så er ikkje det sikkert at det vil ta lengre tid, seier Brekke.