Hopp til innhold

Testar seg gratis for kjønns- sjukdomar - vil ha utvida tilbodet

I fjor fekk over 22.000 nordmenn klamydia. I Førde og Sogndal kan studentar sjekke seg gratis for kjønnssjukdomar, og pågangen er så stor at studentane ber om at tilbodet blir utvida.

Klamydia

VIL TESTE SEG: Studentane i Sogndal og Førde har tilbod om å teste seg tratis for kjønnssjukdomar. Tilbodet er så populært at studentane ber om at tilbodet blir utvida.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Talet på nordmenn som blir smitta av den seksuelt overførbare sjukdomen klamydia held seg ganske stabilt. Dei siste seks åra har det vore rundt 22.000 tilfelle kvart år.

I Sogndal og Førde kan studentar kvar tysdag sjekke seg gratis for kjønnssjukdomar. Studentsamskipnaden meiner det er eit godt og viktig tilbod, og får støtte frå studentane.

Dei skulle ønskje at helsestasjonane hadde ope oftare og trur det kunne ført til at endå fleire hadde nytta seg av tilbodet og at ein på den måten fekk ned talet på smitta.

– Då slepp du å sjå att dei du har hatt eit ublidt møte med i helga, seier ein mannleg student og forklarar vidare.

– At begge sit der ved sidan av kvarandre og ventar på å kome til, det er i kategorien kleint.

Mange testar seg for klamydia

Randi Marie Sjøholt

MANGE BRUKAR TILBODET: Det viser tilbakemeldingane som Randi Marie Sjøholt i Studentsamskipnaden får.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gjengen med studentkameratar vi møter på Høgskulen i Sogndal vil ikkje stå fram med namn. Sjølv om dei kan le av det, veit det at det er alvorleg å bli smitta av klamydia. Mange kan gå lenge med sjukdomen utan å vite det då svært mange ikkje har symptom på at dei er smitta. Dersom ein ikkje blir behandla for sjukdomen kan det i verste fall føre til sterilitet.

– Det er jo klart, det er eit tema som er ganske tabu i forhold til dette med sex, seier ein av dei mannlege studentane.

Tilbodet som studentane i Sogndal og Førde har om å teste seg gratis for kjønnssjukdomar er populært.

Direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt, stadfestar at påtrykket av studentar er stort på helsestasjonen for unge vaksne. Spesielt nyttar studentane tilbodet til å teste seg for klamydia.

– Vi får statistikkar frå helsetenesta og vi har veldig trøkk på den helsestasjonen for unge vaksne, seier Sjøholt.

Vil ha utvida tilbodet

Slik det er i dag kan studentar og andre unge vaksne nytte seg av dette tilbodet ein dag i veka. I Førde er helsestasjonen for unge vaksne open i 3,5 timar, medan det er ope i 4,5 timar i Sogndal.

Tal frå folkehelseinstituttet viser at det i fjor var heile 22.530 nordmenn som fekk påvist at dei hadde klamydia. Dette er ein liten nedgang frå året før, men talet er truleg lang mindre enn det som er reelt.

Studentane er klar over problemet, men seier det ikkje alltid er like enkelt å huske på det. Særleg no i studiestarten med mykje fest og moro. Studentane vil gjerne at tilbodet om å teste seg gratis for kjønnssjukdomar blir utvida.

– Det spørst jo om legane skal ha sinnssjukt mykje å gjere på en dag i veka, eller om dei vil dele det litt utover, seier ein av studentane NRK snakka med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wenche Sollid

LIKE VANLEG: Wenche Sollid som seier det er like vanleg med klamydia blant unge i Sogn og Fjordane som elles i landet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Forstår studentane sitt ønskje

Som ansvarleg på helsestasjonen for unge vaksne i Sogndal seier helsesøster Wenche Sollid heilt klart behovet for eit slikt tilbod.

Av dei rundt 22.000 tilfella av klamydiasmitta i fjor var det nesten 300 av dei i Sogn og Fjordane. Sjølv om det talet ikkje verkar spesielt stort er sjukdomen like vanleg her som andre stader, seier helsesøstera.

– Klamydia er eit lite stort problem her som i dei store byane. Vi får ikkje dei same tala, men prosentandelen er nok like stor, seier Sollid.

At studentane vil ha lenger opningstider for å hindre smitte av seksuelt overførbare sjukedomar har ho full forståing for.

– Eg skjønner godt studentane sitt ønskje, men det står på ressursar.

– Må dele på ansvaret

Gutegjengen NRK prata med meiner det ikkje berre er dei som må ta ansvar for å hindre spreiing av kjønnssjukdommar.

– Nei, det ansvaret synst eg kviler på begge partar, utan tvil, seier ein av dei og legg til:

– Men eg trur vi gutar er ganske dårlege på å ta vår del av ansvaret.