Hopp til innhold

Fryktar fleire får klamydia

Kvar veke oppdagar legane i snitt 10 nye tilfelle av klamydia i Sogn og Fjordane.

IKKE BRUK!!

OPPMODAR OM SIKKER SEX: Fylkeslegen seier det er stor risiko for å få svie og ubehag i underlivet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Fylkeslege Per Stensland likar dårleg at mange av russeknutane handlar om sex. Han sler fast at det er like stor risiko for å få kjønnssjukdomar her i fylket, som i dei store byane.

– Vi er ikkje verna mot kjønnssjukdommar i Sogn og Fjordane. Det er ikkje berre i byane at det er ein stor risiko for å få svie og ubehag i underlivet etter seksuell kontakt.

Fryktar redusert dømmekraft

Fylkeslegen reagerer sterkt på det som har kome fram dei siste dagane om at russen kan få knute i lua om dei har sex med ti medruss.

– Det å ha kontakt med mange partnerar aukar risikoen for å bli smitta av kjønnssjukdommar.

– Kan føre til fleire overgrep

Han fryktar ikkje berre stadig fleire tilfelle av kjønns-sjukdomen klamydia, men og psykiske langtidseffektar av uvøren seksuell adferd i russetida.

Både her i fylket, og andre stader i landet har det vore meldt om moglege seksuelle lovbrot knytt til russefeiringa. Fylkeslegen er klar på at det er eit stadig auka fokus på sex blant russen og i andre ungdomsmiljø.

– Dette kan føre til gi ein auka fare for overgrep, seier fylkeslegen.