Hopp til innhold

Advokaten har teke lærdom etter dykkerulukke i Sognefjorden

– Eg har ikkje blitt redd og kjem til å dykke igjen, seier Louis Anda i Sogndal.

Louis Anda

HELDIG: Louis Anda er tilbake til i jobb, ei veke etter dykket som gjekk gale.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Førre laurdag gjekk det gale etter eit fritidsdykk i Sognefjorden. Etter det venta fleire opphald i trykktank ved Haukeland universitetssjukehus.

Sogn Avis skriv at Louis Anda er audmjuk etter dykket som kunne gått veldig gale.

– Det hadde ikkje skjedd om eg hadde følgt boka til punkt og prikke, seier han til avisa.

Dykka for langt ned

Tilstanden var alvorleg då for 55-åringen han blei frakta til Haukeland. Sonen på 19 år blei også lagt i trykkammer, men blei utskriven frå sjukehuset dagen etter.

Louis Anda har dykka i to år og har over 40 dykk bak seg. Den kjende advokaten hadde tenkt å dykke ned til 30 meter, som er så langt han har lov å dykke. Men av forskjellige grunnar blei dykket litt djupare enn det.

– Eg oppdaga dette, og valde å opp på det som er djupna eg bør vere på. Alt går bra og skulle gå opp igjen, fortel han til NRK.no.

Kunne ikkje stå på føtene

På veg opp til overflata, fatta han interesser for noko som ligg litt djupare, Dermed gjekk han ned mot 30 meter igjen og blei der ei kort stund.

– Deretter gjekk eg opp til overflata igjen. Eg tok eit dekompresjonsdykk, som betyr at ein stoppar på ein viss djupne, før ein endeleg går opp.

Oppe i rib-båten verka alt vel og han følte seg i fin form. Båten sette kursen mot land på Ylvisåker i Sogndal.

– Etter nokre minutt kjenner eg sterke smerter i magen. Eg er veldig elendig. Eg forstår at alt ikkje er som det skal og vi køyrer i full fart mot land. Eg klarer ikkje bere vekte mi og det blir ringt etter ambulanse. Etter kvart blei eg send til Haukeland universitetssjukehus med helikopter.

Fleire økter i trykkammer

Når ein dykkar, blir det utvikla nitrogengass og bobler i blodet. Dersom nitrogenboblene ikkje forsvinn, blir ikkje blodet ført fram på den måten det skal.

På sjukehuset blei han lagt i trykkammer, tilsvarande eit dykk på om lag 20 meter. Der låg han i fire timar. Dei neste fire ventar det fleire økter i kammeret, kvar på to timar.

– Dette er ei behandling for å unngå at ein blir lamma, for meg var det antydning til lammelse i ryggmargen.

Har fått karantene

I dag kjenner han seg 95 prosent heilt bra. Det er berre den høgre foten som ikkje er heilt som den skal. Han takkar helsepersonellet for at det gjekk så bra og gir skryt for god hjelp og oppfølging.

Anda har ikkje teke skrekken og gler seg til å dykke igjen. Men han må vente tre månader fordi han har fått karantene.

– Eg har teke lærdom av dette. Det eg har lært om dykking må eg overhalde. Eg balanserte nok på grensa av det, difor gjekk det gale. Marginane er små. Det er fatale ting som kan skje dersom du ikkje følgjer reglane. Men dykking er ikkje farleg om ein dei følgjer dei.

Tilbake i jobb

Anda er no tilbake i jobb og neste veker ventar ein fem dagar lang rettssak.

– Det var ikkje eit alternativ å sjukmelde seg. Eg joggar og padlar og er aktiv. Då klarer eg å gå på jobb også, seier han til NRK.no.

Leiar i dykkarklubben i Sogndal, Helge Reksnes, seier han er glad for at Anda står fram med dykkaruhellet sitt.

– Det ligg mykje verdfullt i at han går offentleg ut og forklarer kva som skjedde. Dette er med å skape gode haldningar, seier han til Sogn Avis.