Hopp til innhold

Populært å ta dykkarlappen - tilbringer påska i vatnet

Medan mange spenner på seg skia for ein fjelltur, er det andre som vel det våte element i påskeferien.

I Florø har det vore ei aukande interesse for dykking dei siste åra. På tre månader har det blitt arrangert to kurs.

Skjærtorsdag hoppa fem ivrige elevar i bassenget i badeanlegget Havhesten. Der lærte dei det mest grunnleggjande før dei skal prøve seg i sjøen. Når kurset er gjennomført, kan dei dykke ned til 18 meter. Ei av dei som skal ta dykkarlappen er 20 år gamle Natalie Solheim Bernales frå Florø.

– Til sommaren reiser eg til Australia for å studere biologi eit halvt år. Difor ønskjer eg å ta dykkarlappen no, fortel ho.

– Du ville ikkje heller vente til du kjem ned til sol og varmare vatn?

Nei, det er greitt å få litt erfaring før eg reiser. Eg har også mange venninner som driv på med dette, seier ho.

Ei spennande verd

Formann Thomas Kolseth i Florø Froskemannsklubb fortel at dei har hatt ein god vekst i talet på medlemmer dei siste åra. Han trur grunnen til at det er så populært, er at det er ei spennande verd under sjøen.

– Florø er eit bra utgangspunkt for dykking og vi er ute nesten kvar helg. Vi dykkar ned til skipsvrak, plukkar kamskjell eller ser på tareskogen.

Ville prøve noko nytt

Dykkarklubben har medlemmer i alderen 16 til 50-60 år. Dei dykkar heile året og Kolseth seier det er ein ufarleg sport om ein følgjer reglane. Han har tenkt seg uti sjøen i dag i det fine veret. Seks grader i vatnet tykkjer han er heilt fint.

– Det er godt og varmt med tørrdrakt, seier han.

Kolseth har drive på i tre år og byrja med dykking fordi det virka spennande.

– Eg har gått på fjellet heile livet, så det var kjekt å sjå kva som er i sjøen. Det er veldig avslappande å dykke.