Hopp til innhold

Mistenkjer ikkje noko ulovleg

Politiet har ikkje grunnlag for å mistenke arbeidsgjevaren for noko ulovleg etter traktorvelten i Loen onsdag.

Traktorvelt i Loen

VELTA: Politiet meiner dei har fått klarlagt kva som skjedde då ein mann vart kritisk skadd etter ein traktorvelt på ein gard i Loen tidlegare denne veka.

Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Ein 28 år gamal mann frå Litauen ligg på Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader etter at traktoren han køyrde velta rundt i ein frukthage i Loen onsdag ettermiddag.

Politiet var torsdag på ulukkesstaden for å gjere undersøkingar og avhøyre vitne.

Arbeidskollegaer av mannen som såg det som skjedde skal ha forklart til politiet at traktoren sklei på låste hjul nedover før den velta rundt ein gong, skriv avisa Fjordingen. Mannen som er skadd skal ha arbeidd ved denne garden i fleire år.

Politiførstebetjent Vidar Stavik seier til avisa at dei ikkje trur det har skjedd noko ulovleg.

– Vi meiner vi har klarlagt hendelsesforløpet og har ikkje grunnlag for å mistenke arbeidsgjevaren for noko ulovleg, seier Stavik.

Ifølgje Stavik skal mannen ha fått store knusningsskader i bekkenet og store skader i brystregionen.