Hopp til innhold

Krev av politimeisteren ryddar opp

Fire lensmannsdistrikt i Sogn og Fjordane blir leia av konstituerte lensmenn. Uheldig, meiner Politiets Fellesforbund og seier dette skaper uvisse både blant politifolk og folk flest.

Politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Johan Brekke.

MÅ RYDDE OPP: Politiets Fellesforbund i fylket krev at politimeister Johan Brekke ryddar opp. Dei likar svært dårleg at fire politidistrikt berre har konstituerte lensmenn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I dag har lensmannsdistrikta Aurland, Askvoll, Gaular og Fjaler konstituerte lensmenn. Dette er lensmenn som er tilsette for ein kortare periode, og Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund likar ordninga dårleg.

Han meiner ei slik ordning er uheldig på mange måtar og ber politimeisteren om å rydde opp. Han meiner det skapar uvisse for dei som har stillinga i høve til framtida, og at folk flest også blir råka.

– Det er usikkert for dei som har stillingane. Noko anna er det signalet som går til publikum i desse distrikta.

– Ei mellombels ordning kan oppfattast som eit faresignal i høve kva dette vil seie for framtida til dette lensmannskontoret, seier Drange.

Vil ha svar frå høgste hald

Dei fire lensmannsdistrikta med konstituert lensmann er Aurland, Askvoll, Gaular og Fjaler. I Aurland har konstitueringa vart sidan 2008. Der er Per Thomas Klingenberg konstituert, i Gaular er det Magne Faleide, i Fjaler Dag Fiske og i Askvoll Bjørn Atle Hagenes.

Nyleg fekk politimeisteren pålegg om å lyse ut stillinga som lensmann i Balestrand. Lensmannskontoret har lenge i praksis vore nedlagt, noko som irriterte Balestrand-politikarane kraftig.

Dei skreiv brev til justisministeren som personleg greip inn og sørgde for at kommunen fekk lensmannen tilbake. I eit brev slo ministeren fast at Balestrand sjølvsagt skal ha ein eigen lensmann.

Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund meiner Politidirektoratet må gje svar på om også dei fire andre lensmannsstillingane bør lysast ut.

Trur konstitueringa er bevisst strategi

Politimeister Johan Brekke seier til NRK at situasjonen i Balestrand er litt annleis enn i dei andre fire lensmannsdistrikta. Men han er open for å sjå nærare på konstitueringa av lensmenn i Aurland, Gaular, Fjaler og Askvoll.

– Vi vil ta ein gjennomgang på dei konstitusjonane vi har basert på brevet og gjere ei ny vurdering, seier Brekke.

Drange seier ein kan mistenke politimeisteren for å ha konstituerte lensmann fordi dette vil gjere det lettare å slå saman lensmannsdistrikt seinare.

– Før ein har gjort grundige undersøkingar så meiner eg at vi skal halde oss til gjeldande reglar. Vi skal ikkje føregripe det som kan skje, seier Drange.

Politimeisteren seier dette ikkje har vore ein bevisst strategi, men han må vedgå at dette faktisk gjer det lettare å slå saman distrikt.

– I den forbindelse så vil det jo vere enklare å få det til når ein kjem dit, seier Brekke.

Politidirektoratet har så langt ikkje vore tilgjengelege for kommentarar.