Hopp til innhold

Faremo overstyrte politimeisteren

Justisminister Grete Faremo greip personleg inn og sørgar no for at stillinga som lensmann i Balestrand vert lyst ut på nytt.

Balestrand får lensmann

PÅ PLASS: Parkeringsplassen til lensmannen i Balestrand var flaggpryda torsdag.

Foto: Robert Jan Leerink / NRK

Lensmannskontoret i Balestrand har lenge i praksis vore nedlagt, og kun ope nokre få timar i veka med mannskap frå Høyanger. Dette irriterte Balestrand-politikarane kraftig og dei skreiv brev direkte til justisministeren.

No har Faremo slege fast i eit brev attende til Balestrand at dei sjølvsagt skal ha eigen lensmann, noko som er stikk i strid med det politimeister Johan Brekke har ønska.

Svært glad for avgjerda

– Eg synes ministeren har vore veldig tydeleg og klar. Eg er jo kjempeglad for det svaret fått, og då har vi endeleg fått gjennomslag for at vi skal få lyst ut lensmansstillinga. Det er ein kjempegod nyheit, seier ordførar i Balestrand; Harald N. Offerdal til NRK torsdag kveld.

Harald N. Offerdal

GODT NØGD: Ordførar Harald N. Offerdal.

Foto: Privat

Han synes at situasjonen med manglande lensmann har vore langt frå tilfredsstillande for turistkommunen, som har stor trafikk heile sommaren - og då har lensmannskontoret vore stengt.

Har mykje å seie for kommunen

– Det å ha ei lensmansstilling og politi fast stasjonert i Balestrand har mykje å seie både for tryggleik og beredskap. Ikkje minst i høve responstid, og no har jo responstid vorte peika på i 22. juli-rapporten. Det er klart at dette er viktig for oss, sler Offerdal fast.

Politimeister Johan Brekke hevdar på si side at dei hadde kvalitetssikra løysinga i Balestrand i Politidirektoratet.

– No tek vi dette til etterretning og lyser ut stillinga som lensmann i Balestrand, seier Brekke til NRK.

Høyr meir om denne saka i Fylkesnytt i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane fredag.