Hopp til innhold

Denne tysdagen kan bli svært våt

Det blir ein skikkeleg våt start på dagen fleire stader på Vestlandet. Det er meldt så mykje nedbør at meteorologane har sendt ut såkalla OBS-varsel.

Regnvær

PLASKVÅT START: Det blir ein våt start på dagen fleire stader i Sogn og Fjordane denne tysdagen. Men ifølgje meteorologen blir det betre utover ettermiddagen.

Foto: Scanpix

Det ser ut til å bli nokre intense timar denne tysdag føremiddagen. Det veit også meteorologane som har sendt ut OBS-varsel for store delar av Vestlandet.

Dette fortel at dei i dag er venta lokalt mykje nedbør, men at det truleg vil gje seg utover ettermiddagen og kvelden.

Ein våt start

Men før det gir seg blir det vått, vått og vått.

– Vi meiner det er veldig viktig å åtvare om viktig vêr, og mykje nedbør er viktig vêr, seier statsmeteorolog Anna Reistad ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

For at det skal sendast ut eit såkalla OBS-varsel må det vere venta over 40 millimeter med nedbør, seier Reistad. I dag kan enkelte stader i Sogn og Fjordane vente seg ein stad mellom 30 til 70 mm nedbør. Og det kjem mykje nedbør på kort tid.

– Det kjem dei første timane fram til klokka 12, så roar det seg utover ettermiddagen, seier Reistad.

Første hauststormen

Reistad seier dei i dag noterer den første hauststormen, sjølv om det altså berre er 28. august.

– Det er oppe i liten storm på kysten no, det er ganske mykje. Så vi noterer den første hauststormen, seier ho.

Men det blir betre. Utover ettermiddagen minkar vinden og frå i ettermiddag er det venta liten kuling frå sør og seinare dreier vinden sørvest og det blir frisk bris ifølgje meteorologen.

Vêret i dag er noko heilt anna enn gårsdagen då folk kunne nyte sin flott sommardag. Morgonen starta likevel ganske så kaldt, og fleire vakna til snø i fjellet og is på bilen.