Hopp til innhold

Her vakna dei opp til nysnø i fjellet

Allereie i går kveld fekk Anne Karin Rand Torheim i Nordfjord på følelsen at det kunne kome snø. Og sjølv om det berre er 27. august så fekk ho rett.

Vakna til snø i fjellet 27. august

NYSNØ: På fjellet Gjengen ved Nordfjorden har det i løpet av natta kome snø på toppen.

Foto: Anne Karin Rand Torheim

Rundt omkring i fylket har mange vakna opp til klart og kaldt vêr. Fleire som sender inn tekstmelding til NRK Sogn og Fjordane fortel at vinteren er på ein aldri så liten visitt.

I dag var det berre å snu i døra for å hente gensaren ,berre 5 grader i Askvoll og ned i 4 grader på Ringstad. Men eg ser opp på ein blå og skyfri himmel så det kjem seg nok når sola kjem fram. Helsing melkebilen.

SMS frå lyttar til NRK Sogn og Fjordane

– Dette er for kaldt

Anne Karin Rand Torheim på Torheim i Eid seier det har kome snø i fjellet. Over fjorden ser ho at det er kvitt på toppen av fjellet Gjegnen som ligg i Bremanger kommune.

– Det synst eg var veldig tidleg, seier ho.

Ho fortel at ho allereie i går kveld fekk på følelsen at det kunne bli kvitt på fjella. Gjegnen er 1670 meter høg, og av biletet ho har sendt inn ser ein tydeleg at det er kome eit lite lag med nysnø på toppen.

– Det var så kaldt i går, så eg sa at det blir nok snø i natt, seier Rand Torheim som fekk rett.

– Dette er for kaldt, hutrar ho.

Ein lyttar i Gulen fortel om ein kald morgon.

Nydleg vêr i Eivindvik. -1 grad og måtte skrape is av bilen i dag klokka 6.

SMS frå lyttar

God morgon! Hausten er komen, 2 grader på Vassenden kl. 05.20.

SMS frå lyttar

Hausten er på veg

Vêrmeldinga for dagen i dag ser ganske så bra ut og det er meldt gode temperaturar utover måndagen fleire stader. Ifølgje Yr.no kan det blir 18 grader i Lærdal utpå kvelden, medan Førde kan få opp i 19 og Selje 15.

Men meteorologen har ikkje spesielt gode nyhende for resten av veka. Det kan sjå ut som at hausten er på veg og det i full fart. Tysdag skiftar vêret, spesielt ut på ettermiddagen.

– Det er meldt søraust sterk kuling og det kan vere det vert liten storm på kysten og då spesielt i sør, seier meteorolog Haldis Berge ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Utover i veka blir det meir vind og regn, men ikkje i like stor grad som tysdagen, seier ho.

Her er nokre andre temperaturar frå klokka 06 måndag morgon.

  • Øvre Årdal: 10, blå himmel
  • Sogndal: 8, blå himmel
  • Sognefjellet: -1
  • Leirvik: 6, blå himmel
  • Florø: 8
  • Førde: 4
  • Sandane: 6
  • Loen: 7, blå himmel
  • Gullfaks C: 10