Hopp til innhold

No tener Vest Buss gode pengar

Etter å ha seld vekk bussfabrikken, tener Vest Buss Gruppen i Stryn godt. Situasjonen var i fjor ein heilt annan for Vidre, som kjøpte bussfabrikken.

Per Dag Nedreberg

GÅR GODT: Per Dag Nedreberg og Vest Buss Gruppen i Stryn gjekk i fjor med kring ti millionar kroner i pluss.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Vidre kjempar i tøff konkurranse, og gjekk i fjor med 2,5 millionar kroner i minus. Noko dårlegare enn eigarane hadde håpa på.

Vidre såg dagens lys då lokale krefter bestemte seg for å vidareføre bygginga av bussar i Stryn. Etter å ha tapt 11 millionar kroner på to år , bestemte Vest Buss seg for å leggje ned drifta før jul i 2010 .

– I spesielt første kvartal hadde vi høge kostnader og lite inntekter, men resten av året så tente vi pengar isolert sett, seier Jon Rune Heimlid som likevel skildrar det som eit godkjent oppstartsår.

Satsar på nisjeprodukt

Halvanna år etter at dei tok over produksjonen av busskarosseri, har verksemda vel 60 tilsette og omsette i fjor for 56 millionar kroner. Og dei opplever mykje av dei same utfordringane som forgjengaren gjorde.

Jon Rune Heimlid

NØGD: Jon Rune Heimlid.

Foto: Asgeir Reksnes

Marknaden er prega av store anbod og høgt prispress noko som gjer at store fabrikkar i utlandet leverer langt rimelegare. Vidre satsar no på å vere ein nisjeprodusent, tom til dømes av barnehagebussar, i all hovudsak til Sverige.

– Ein har gått meir og meir vekk frå at selskapa køyrer på konsesjon til at ein har større anbod. Og det er ein situasjon vi også må tilpasse oss, seier Heimlid.

Meir handlefridom

I same bygningen som Vidre, men berre litt lenger inn mot sentrum, sit Per Dag Nedreberg, dagleg leiar i Vest Buss Gruppen. Også her står det bussar. Men desse kom til Stryn ferdig bygde frå utlandet, og berre mindre justeringar står att.

Konsernet satsar på sal, delar og verkstadtenester og er hovudforhandlar av Iveco Irisbuss i Norge og Sverige. Merket er no nest størst på enkelte busstypar her til lands.

– Når vi då tener brukbart med pengar i fjor, og også kan tillate oss å gjere avskrivingar og avrettingar vi meiner er naudsynte, og vi ser det blir bra resultat i år, så har du meir handlefridom enn på dei førre åra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bussar utanfor Vest Buss i Stryn.

VEST BUSS: Vest Buss Gruppen tener godt etter salet av bussfabrikken til lokaleigde Vidre.

Foto: Vest Buss Gruppen

Satsar i Sverige

For etter å ha selt vekk bussfabrikken, tener Vest Buss Gruppen i Stryn godt. Driftsinntektene enda i fjor på 315 millionar kroner, og resultatet før skatt var vel ti millionar kroner.

I dag sysselset Vest Buss Gruppen vel 70 personar over heile Sør-Norge. Av desse kring 30 personar i Stryn. Noko som er langt mindre enn i glansdagane då nær 200 personar arbeidde med bussproduksjon i Stryn.

Nedreberg seier dei no har musklar til å satse framover, mellom anna i Sverige.

– Vi ser at allereie neste år, så er vi i ferd med å komme skikkeleg inn på marknaden der, seier han.

Får politisk «hjelp»

Dei siste åra har sal av bussar i Norge auka sterkt.

Nedreberg seier politiske mål om meir kollektivtrafikk kombinert med strenga anbodsregime med nye krav til bussane, set fart på salet.

– Sverige har jo tatt mål av seg å doble kollektivtrafikken framover til 2020, seier han.

Trur på bussframtid

I andre enden av lokala, satsar Heimlid og dei andre tilsette i Vidre på at det framleis skal vere råd å bygge bussar i Stryn.

Så langt i år har dei mellom anna fått ordrar på ti barnehagebussar til Sverige.

– Vi har hatt litt variabel ordreinngang. Vi har hatt periodar av året der vi har måtte permittere også ein del personell. Så er det om å gjere for oss å finne dei rette posisjonane i marknaden og tilpasse kostnadene våre i høve til det, seier Heimlid.