Innan 10 år kjem talet på arbeidsinnvandrerar i fylket til å doble seg, men berre nokre få kommunar har noko system for å integrere dei inn i det norske samfunnet.
– For dårleg system
Det må det bli ei endring på, skriv fylkesleiar for Arbeidarpartiet (Ap), Nils P. Støyva i eit innlegg i fleire aviser i dag.
– Dei siste tre-fire åra har talet på arbeidsinnvandrar, spesielt frå Aust-Europa, auka veldig mykje. Nokre av kommunane i fylket vårt, som Førde, Vågsøy, Flora, Stryn og Sogndal, har veldig mange av desse arbeidsinnvandrarane, seier Støyva.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han meiner at kommunane sitt system for integrering er altfor dårleg.
– Dei har eit relativt dårleg system for å ta vare på denne nye gruppa, både i bedriftene, i næringslivet og i frivillige organisasjonar.
Meiner språk er viktig
Støyva meiner språkopplæring er ei svært viktig sak når det kjem til integrering av arbeidsinnvandrar.
– Dei som kjem hit som flyktningar og asylsøkjarar, kjem inn i eit system som kommunane tek seg av. Dei får ei språkopplæring, medan det i stor grad er opp til arbeidsinnvandrarane sjølv om dei vil ta del i norskopplæringa, seier han.
Ap-leiaren meiner at innvandrar må kunne norsk for å få ei fullstendig integrering.
– Det å kunne språket er heilt avgjerande for å bli integrert i samfunnet, og for å kunne arbeide på ein god måte ute i bedriftene, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil ha fokus på saka
– Kan du som fylkesleiar i AP gå god for at i det minste AP-ordførarane i fylket vil ta eit større ansvar for arbeidsinnvandrar?
- Ja, eg har tenkt å setje fokus på dette i samband med samlingar og programarbeid som vi skal ha utover hausten, seier Støyva.
– Eg har utarbeidd ein del statistikkar som viser korleis dette med arbeidsinnvandring fordelar seg utover kommunane. Så eg vil setje fokus på dette, ikkje berre i partisamanheng, men også i fylkeskommunalsamanheng.