Hopp til innhold

Skeiv folketalsvekst i fylket

Folketalet i Sogn og Fjordane auka med 103 i første kvartal i 2012, men veksten er skeivt fordelt.

Førde frå stien mot Eikåsnipa

AUKAR MEST: I Førde auka folketalet med 71.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er bra vekst i seks kommunar, medan resten anten har liten vekst, stagnasjon eller nedgang i folketalet.

Den 1. april 2012 var vi 108.304 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Og av den samla veksten på 103 fekk Førde mesteparten, der auka folketalet med 71, syner tala frå Statistisk sentralbyrå .

Bremanger snur trenden

I Sogndal var det ein auke på 44, Gaular hadde pluss 23, Stryn pluss 22, Fjaler og Bremanger pluss 14. På minussida kjem Årdal dårlegast ut med ein folketalsnedgang på 25, Lærdal hadde minus 20, Vågsøy minus 14, Vik og Hyllestad minus 13.

For Bremanger sin del er det grunn til eit kryss i taket, for auken bryt med ein lengre periode med folketalsnedgang. Tala viser at Bremanger hadde netto innflytting på 20 siste kvartalet.

I Flora auka folketalet med ein fattig person i første kvartal, og dermed auka avstanden opp til den mest folkerike kommunen i fylket, Førde. Der er det no 12.378 innbyggjarar, medan Flora har 11.655.

Medan Førde hadde ei netto innflytting på 49 hadde Flora ei netto utflytting på seks.

Alfred Bjørlo

JUBLAR FOR REKORD: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eid set rekord

I Eid auka folketalet ikkje så veldig mykje, det var seks fleire i kommunen 1. april enn ved årsskiftet, men ordførar Alfred Bjørlo ser likevel grunn til å juble. For aldri før har Eid hatt så høgt folketal.

Eid har no 5956 innbyggjarar, og det er 100 fleire enn for berre to år sidan. Sidan 2005 har kommunen hatt ein jamn vekst i folketalet.

– Dette er svært hyggelege tal, som gjev ekstra grunn til å feire i morgon. Med dei særs gode bukvalitetane i Eid er det stort potensial for ytterlegare vekst i åra framover.

Bjørlo peikar på ein del grunnar til at Eid har så positiv folketalsutvikling.

– Nordfjordeid er nominert som ein av sju finalistar til statens nyoppretta pris for Norges mest attraktive tettstad, og KS utpeika nyleg Eid som ein av landets 10 beste kommunar innanfor skulesektoren i 2011. Det er også eit rekordstort tal nye bedriftsetableringar i Eid så langt i 2012, i følgje tal frå Brønnøysundregistra.

Meir pendling

Han meiner nøkkelen til vidare vekst er tettare integrering i større bu- og arbeidsmarknadsregionar.

– Stadig fleire vel å pendle på tvers av kommunegrensene, og det er all grunn til å tru at denne utviklinga vil fortsetje. Vekst i regionen rundt er like viktig som vekst i Eid. Vi må no ha endå sterkare trykk på regionalt samarbeid om næringsutvikling og utbygging av samferdsleløysingar som skapar større bu- og arbeidsmarknadsregionar.