15 flyktningar kan bli til 63

Bremanger kommune forplikta seg til å ta i mot 15 einslege innvandrarar. Men mange av desse har søkt om familiegjenforeining, og allereie før sommaren vil dette føre til at det blir opp mot 52 fleire innbyggjarar i kommunesenteret.

Svelgen

BLIR STADIG FLEIRE: Mange av flyktningane som har blitt busette i Svelgen har søkt om familiegjenforeining. Før sommaren kan dette føre til at det blir 52 fleire innbyggjarar i kommunesenteret i Bremanger.

Foto: Nils Ola Strand

Kommunen har no teke i mot så mange flyktningar at NAV ber rådmannen setje foten ned, skriv Firdaposten.

Leiar for NAV, Anita Steinset seier dei ønskjer å ta godt vare på dei som allereie er komne dit.

– Vi treng å få kontroll på situasjonen, og sikre dei som allereie bur her, og ventar på familiane sine den best moglege hjelpa, seier ho til avisa.

Det kan bli endå fleire

Steinset seier talet på busette flyktningar kan auke ytterlegare. Dette fordi det er endå fleire som har søkt om familiegjenforening.

Både i Somalia og Eritrea er det vanleg med store barnefamiliar, og ein av dei som har søkt om familiegjenforening har gjort det for kona og 11 av sine 22 born.

– Det er slik at også borna kan søkje om familiegjenforening med sine søsken eller mødrer, så det kan hende familiane kjem til å vekse ytterlegare, seier Steinset til Firdaposten. Ho seier talet på flyktningar i kommunen etterkvart kan kome opp i 63.

Utfordrande for skule og barnehage

Ein av dei som bidreg til å auke befolkningstalet i Svelgen er Abdinaasir Abdigadir Hasan frå Somalia. Han er 23 år og ventar no på at tre born og kone skal kome til Svelgen.

– Eg ventar at eg skal lære meg norsk, skaffe meg ein jobb, bli nyttig for landet og samfunnet eg bur i, seier han til avisa.

Både i skulen og i barnehagen i kommunen merkar dei tilsette at dei no har fått mange born med minoritetsbakgrunn. Konstituert driftssjef, Carina Endresen Solvåg ved Svelgen oppvekst seier det er utfordrande når born og foreldre ikkje snakkar norsk. Ho seier vidare at dei førebels ikkje føler at dei har problem i kvardagen.

Ap-politikar i Bremanger, Espen Gulliksen, seier til Firdaposten seier dei kan få problem med kapasiteten på grunn av slike gjenforeiningar. Dei vil no sjå nærare på avtalen dei har med integrerings- og mangfaldsdirektoratet.